Årets nynorskkommune er ein pris som som blir delt ut årleg frå Språkrådet og Kulturdepartementet.

Språkrådet og Kulturdepartementet har kvart år sidan 2009 kåra årets beste nynorskkommune. Prisen går til ein kommune eller fylkeskommune som har nynorsk som målform, og vinnaren får 100 000 kroner. Språkrådet leier juryarbeidet på vegner av Kulturdepartementet.

Vinnarar av Årets nynorskkommune

År Vinnar Grunngjeving
2009 Stord kommune For å oppmode næringslivet til å nytte nynorsk, drive nynorsk barne- og ungdomsfestival og å arrangere nynorskkurs for barnehagelærarar.
2010 Seljord kommune For å ha eit godt planverk for nynorsk i skule og kulturliv og for å arbeide særskilt med nynorsk språkstimulering i barnehage og barneskule.
2011 Fjell kommune For å stå på krava for å få statlege skriv på nynorsk, og for å prioritere arbeid med nynorsk i kommunale planar.
2012 Sogn og Fjordane fylkeskommune For å prioritere nynorsk som strategisk fagfelt.
2013 Ørsta kommune For å arbeide breitt med nynorsk på mange fagfelt, særleg næringsliv, barn og unge, media og ved å minne staten på å følgje mållova.
2014 Radøy kommune For å gjere dei tilsette trygge på nynorsk, og for å prioritere nynorsk språk i ungdoms- og fritidsarbeidet i kommunen.
2015 Førde kommune For å prioritere nynorsk i arbeidet med kommunal forvaltning, skule, næringsliv og kommunal marknadsføring.
2016 Time kommune For å ha språkkontaktar i alle avdelingar i kommunen, og arbeide medvite med nynorsk i eit område der språket er under press.
2017 Sveio kommune For arbeidet med å skape trygge nynorskbrukarar, gjennom eit sterkt folkebibliotek, kurs i nynorsk for småbarnsforeldre og opplæring for innvandrarar og flyktningar i nynorsk.
2018 Vinje kommune For mellom anna for å vere ein føregangskommune i arbeidet for å gje innvandrarar norskopplæring på nynorsk og at kommunen har kravd nynorsk i felles profilering av Vinje som reisemål.
2019 Ålesund kommune For mellom anna å ha ei raus og demokratisk innstilling til språk og vere er ein føregangskommune i arbeidet med å sikre nynorsken i kommune- og fylkesreforma.
2020 Voss herad For klar og tydeleg informasjon på nynorsk under koronakrisa.
2021 Ål kommune For arbeidet med å styrkje nynorsk som bruksspråk.

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg