Hopp til innhold

Austmannalaget

Austmannalaget, fylkesmållag for Oppland og Hedmark, vart skipa i 1899.

Austmannalaget vart skipa 7. januar 1899. Stiftingsmøtet stod på Elverum, og den første formannen var Olav Andreas Eftestøl. Varaformann var Olav Åsmundstad, sekretær Vetle Vislie. Ved starten var tre mållag i arbeid: Vestre Gausdal, Lom og Nord-Odal. 135 personar melde seg inn som beinveges medlemer.

Skipingsmøtet vart halde etter at det året før hadde sirkulert eit opprop. «Fyremålet for lage skal vera arbeid for full norskdom i tale og skrift», stod det i oppropet. Mellom dei mange underskrivarane var Arne Garborg, Christopher Bruun, borgarmeister Hagbard Berner, sokneprest Halfdan Møller og stortingsrepresentant Sven Aarrestad.

Då Noregs Mållag vart skipa i 1906, vart Austmannalaget det første fylkeslaget i organisasjonen. Laget hadde Oppland og Hedmark som arbeidsområde.

I 1920-åra fekk laget reist hotell og kaffistove på Hamar, og i 1921 vart det nedsett ei nemnd for å førebu eit landsgymnas for Hamar bispedøme. Det var det første initiativet til det som skulle verte Gudbrandsdal landsgymnas.

I 1927 hadde Austmannalaget 27 lokallag, med til saman 1000 medlemer, i tillegg til 200 som var innmelde direkte. I 1939 var tala om lag dei same. Valdres melde seg ut i 1938 etter ein strid om i‑mål og a‑mål, melde seg inn att seinare, men gjekk ut på nytt i 1964. I 1950-åra arbeidde laget i motvind. Gudbrandsdalen har i alle år vore ryggrada i Austmannalaget.

I 1980-åra svinga medlemstalet mellom 500 og 800. I 2018 hadde Austmannalaget 13 lokallag, med til saman 603 medlemer.

Frå 1941 til 1992 gav Austmannalaget ut Årbok for Glåmdalen, med Håvard Skirbekk som redaktør fram til 1983. Laget deler ut to prisar, Austmannaprisen, stifta i 1962, og Dialektprisen, stifta i 1981. Mellom vinnarane av Dialektprisen finn vi underhaldningsbandet Vazelina Bilopphøggers, skiløparen Håkon Brusveen og politikarane Sigbjørn Johnsen og Odvar Norli.

Kjelder

Olaf Almenningen: «Austmannalaget og nynorsken på Austlandet. Språkpolitiske hovudliner gjennom 100 år», i Turid Kleiva ofl. (red.): Austlandsmål i endring. Dialektar, nynorsk og språkhaldningar på indre Austlandet. Oslo 1999

Olaf Almenningen ofl. (red.): Målreising i 75 år. Noreg Mållag 1906–1981. Oslo 1981

Olaf Almenningen: Målstrev og målvokster 1905–1913. Oslo 1984

Jakob Haraldseid (red.): Austmannalaget i 25 år. Ved skrivaren. Hamar 1924

Håvard Skirbekk ofl.: Norsk reising på Opplanda. Austmannalaget 1899–1939. Hamar 1939

Håvard Skirbekk: «Austmannalaget 80 år (1899–1979)», Mål og makt nr. 1/1982

Håvard Skirbekk: «Austmannalaget 75 år», i Ola Skogstad (red.): Austlandsmål. Språkarv og språkbruk på indre Austlandet. Oslo 1974

Håvard Skirbekk ofl.: Vårt norske morsmål. Austmannalaget 1899–1959. Elverum 1959

Vetle Vislie: Norsk maalreising. Elverum 1899

 

Peikarar

Turid Kleiva ofl. (red.): Austlandsmål i endring. Dialektar, nynorsk og språkhaldningar på indre Austlandet, nb.no

Ola Skogstad (red.): Austlandsmål. Språkarv og språkbruk på indre Austlandet, nb.no

Håvard Skirbekk ofl.: Norsk reising på Opplanda. Austmannalaget 1899–1939, nb.no

Håvard Skirbekk ofl.: Vårt norske morsmål. Austmannalaget 1899–1959, nb.no

Håvard Skirbekk: «Austmannalaget 80 år (1899–1979)», Mål og makt nr. 1/1982, nb.no

Vetle Vislie: Norsk maalreising, nb.no

Først publisert: 13.06.2019
Sist oppdatert: 25.06.2019