Hopp til innhold
X
Innhald

Bladmannaskulen

Bladmannaskulen, skipa 1919, den første utdanningsinstitusjonen for pressefolk i Noreg. Dei første 20 åra hadde skulen om lag 180 elevar.

Bladmannaskulen blei skipa av Norsk Bladmannalag i Bergen i 1919 med Hans Aarnes som styrar. I 1913 hadde han på årsmøtet til Noregs Ungdomslag i Skien teke initiativet til å skipe Norsk Bladmannalag. Dette laget leidde han til 1928.
 
Dei to første åra gjennomførte Bladmannaskulen kurs på åtte månader for til saman 18 studentar. Av økonomiske grunnar blei tiltaket i 1921 omforma til brevskule. Frå då av dreiv Hans Aarnes institusjonen for eiga rekning, først i Kristiansand, frå 1932 i Oslo. På desse åra hadde brevskulen 162 elevar.
 
I 1942 heitte institusjonen Framskulane, no med heile elleve skulegreiner, forfattarskule irekna. Noregs Mållag stod for drifta i åra 1957–63. Då tok eit aksjeselskap over Fram Brevskule, som Samlaget kjøpte i 1986 og avvikla i 2004.
 
 
Kjelder
Ottar Grepstad: Viljen til språk. Ei nynorsk kulturhistorie. Oslo 2006

Først publisert: 27.01.2010
Sist oppdatert: 13.05.2013