Bondeungdomslag
Bondeungdomslag, ei nemning for ungdomslag og mållag i byane. I ei rekkje norske byar og tettstader har bondeheimane, kaffistovene og lagshusa til bondeungdomslaga vore den viktigaste profileringa av norskdomsrørsla.
Bondeungdomslaga var eit svar på den sterke urbaniseringa frå slutten av 1800-talet. Det første vart skipa 15. oktober 1899 i Oslo. Drivkraft bak skipinga og formann fram til 1916 var Klaus Sletten. Bondeungdomslaget i Oslo var eit førebilete for lagsskipingar ei rekkje stader. Fram til 1940-åra vart det skipa minst 26 lag innanfor norskdomsrørsla med «bondeungdomslag» i namnet. Bondeungdomslaga har gjerne vore medlemslag både i Noregs Ungdomslag og Noregs Mållag.
Laga retta seg mot innflyttarar frå bygdene, slik namnet ber bod om. Hovudføremålet var å danne miljø som gjorde det mogleg for dei å halde på bygdekulturen og heimemålet i byen. Det har variert frå lag til lag kor mykje dei har arbeidd for målsaka i byane, og den viktigaste fellesnemnaren er folkeopplysningsarbeid og kulturaktivitetar som folkedans, folkemusikk og amatørteater, til ein viss grad òg idrett. Laga i dei største byane hadde på det meste mange hundre medlemer.
Det mest synlege uttrykket for aktiviteten har vore ei omfattande forretningsdrift («lagsbruk»), særleg kafear (kaffistover) og hotell (bondeheimar). I lag med mållag i byar og tettstader var bondeungdomslaga sentrale i å byggje opp dei over 200 lagsbruka som fanst i norskdomsrørsla. Desse føretaka har vore ei viktig finansieringskjelde for målrørsla og ungdomslagsrørsla. Fram til 2012 var lagsbruka organiserte i Norske kulturbygg.
Skilnaden har i praksis vore liten mellom «bondeungdomslag» og andre lag i byane som har kalla seg «ungdomslag» eller «mållag». Somme av medlemslaga innanfor Norges bygdeungdomslag har òg kalla seg «bondeungdomslag».
Det har funnest lag i ungdomslagsrørsla som har kalla seg «bondeungdomslag» iallfall på desse stadene (med skipingsår):
· 1899 Bondeungdomslaget i Oslo
· 1900 Bondeungdomslaget «Ervingen» (Bergen)
· 1900 Bondeungdomslaget i Stavanger
· 1904 Bondeungdomslaget i Nidaros
· 1906 Bondeungdomslaget i Skien
· 1909 Bondeungdomslaget i Bergen
· 1909 Bondeungdomslaget i Steinkjer
· 1911 Bondeungdomslaget i Kristiansand
· 1912 Bondeungdomslaget «Måna» (Rjukan)
· 1912 Bondeungdomslaget i Drammen (ikkje innmeldt i Noregs Ungdomslag)
· 1913 Bondeungdomslaget i Narvik
· 1914 Bondeungdomslaget i Tromsø
· 1915 Bondeungdomslaget i Sarpsborg
· 1916 Bondeungdomslaget i Moss
· 1916 Bondeungdomslaget på Kongsvinger
· 1916 Bondeungdomslaget på Notodden
· 1919 Bondeungdomslaget i Svolvær
· 1920 Bondeungdomslaget på Levanger (skipa som «ungdomslag» i 1911)
· Før 1921 Bondeungdomslaget «Symra» (Molde)
· Før 1921 Bondeungdomslaget i Namsos
· 1923 Bondeungdomslaget i Kongsberg
· 1925 Bondeungdomslaget i Sandar
· 1925 Bondeungdomslaget i New York
· 1932 Bondeungdomslaget i Bodø
· 1936 Bondeungdomslaget i Florø
· 1947 Bondeungdomslaget i Harstad
· 1961 eller 1962 Bondeungdomslaget i Mo i Rana
Kjelder
Sven Moren og Edvard Os: Den frilynde ungdomsrørsla. Norigs ungdomslag i 25 år. Oslo 1921
Oddmund L. Hoel: Norsk målreising II. Mål og modernisering 1868–1940. Oslo 2011
Sist oppdatert: 17.10.2020