Hopp til innhold
Dei nynorske festspela (logo).
Dei nynorske festspela (logo).
X
Innhald

Dei nynorske festspela

Dei nynorske festspela er ein nasjonal festival som feirar den nynorske skriftkulturen, og festivalen vert arrangert årleg i Ørsta og Volda.

Dei nynorske festspela vert arrangerte i juni kvart år og er den fremste festivalen for den nynorske skriftkulturen og dei norske dialektane. Dei fleste arrangementa er i Aasen-tunet i Ørsta, men det er også arrangement andre stader i Ørsta og i Volda. Arrangementa spenner frå foredrag og litterære samtalar til konsertar og barneteater. Med åra har talet på arrangement auka, og i 2018 var dei oppe i 70.

Märtha Louise og Ivar Aasen i 1992. Foto Møre-Nytt.jpg?w=600

Prinsesse Märtha Louise opna dei første festspela 29. august 1992, og ho fekk overrekt blomar av den lokale namnebroren til Ivar Aasen. Foto: Møre-Nytt. Nytta etter avtale.

Dei nynorske festspela vart første gongen arrangerte i 1992. Ideen oppstod i 1990, men tanken om eit årleg stemne i Åsen vart fremja tidlegare. Tradisjonen med stemne på garden i Åsen går attende til slutten av 1870-åra. 29. august 1992 opna Nynorsk Festspelveke, som det den gongen heitte, på Ørsta-Volda lufthamn. Dei første åra var det ei festspelnemnd som arrangerte festspela, men då Ivar Aasen-tunet vart opna i 2000, var det Nynorsk kultursentrum som overtok.

Sidan 1994 har festspela kvart år hatt ein festspeldiktar. Den første var Kjartan Fløgstad, og seinare har nynorskforfattarar som Halldis Moren Vesaas, Jon Fosse og Olaug Nilssen hatt denne rolla. Sidan 2001 har styret i Nynorsk kultursentrum kåra «Årets nynorskbrukar». Prisen vert utdelt under opningshøgtida på festspela. Også Kulturdepartementet sin nynorskpris til journalistar har vore utdelt under Dei nynorske festspela sidan 2006.

Festspela har si eiga nettside, festspela.no, og gir ut eit eige festspelmagasin. I 2018 hadde Dei nynorske festspela samla inntekter på 2,4 millionar kroner, og om lag 70 medarbeidarar og frivillige var med på å gjennomføre arrangementet. Besøkstalet i 2018 var 7843.

Dei nynorske festspela er truleg noko av årsaka til at Nynorsk kultursentrum vart kåra til Årets museum i 2015, med det juryen kalla «en bemerkelsesverdig offensiv og framtidsrettet strategi».

 

Svein Tuastad er setjeredaktør for denne artikkelen.

Kjelder

Jens Kåre Engeset: Glimt frå soga til Ivar Aasen-museet 1897–2000, hefte gitt ut av Nynorsk kultursentrum. Ørsta 2003

Ottar Grepstad: Skriftkultur. Oslo 2018 (s. 337–338 og s. 597)

 

«Dei nynorske festspela», festspela.no, publisert 25.4.2013: https://www.festspela.no/dnf/no/arkiv/ [lesedato 5.3.2019]

«Frå stemne til festival», aasentunet.no, publisert 5.9.2018: https://www.aasentunet.no/iaa/no/om_oss/nynorsk_kultursentrum_25_ar/Fr%C3%A5+stemne+til+festival.d25-SMlbMYI.ips [lesedato 5.3.2019]

Svein Olav B. Langåker: «Ny publikumsrekord for Dei nynorske festspela», framtida.no, publisert 11.6.2018: https://framtida.no/2018/06/11/ny-publikumsrekord-for-dei-nynorske-festspela [lesedato 5.3.2019]

Nynorsk kultursentrum: Visjon og strategi 2018–2021, vedteken 8.6.2017, aasentunet.no: https://www.aasentunet.no/iaa/no/om_oss/visjon_og_strategi/Visjon+og+strategi.d25-SMljSXJ.ips

Nynorsk kultursentrum: «Årets nynorskbrukar 2018», aasentunet.no, publisert 8.6.2018: https://www.aasentunet.no/dnf/no/aktuelt/%C3%85rets+nynorskbrukar+2018.d25-SMdDI2P.ips [lesedato 5.3.2019]

 

Peikarar

Festspeldiktarar 1994–2019, festspela.no

Ivar Aasen-tunet, aasentunet.no

«Litteraturdagane i Vinje», litteraturdagane.no

Olav H. Hauge-senteret, haugesenteret.no

«Ulvik poesifestival», poesifestivalen.no

Vinje-senteret, vinjesenteret.no

Først publisert: 08.05.2019
Sist oppdatert: 13.06.2019