Hopp til innhold
Bøker og vakker utsikt i eit antikvariat i Fjærland. Foto: © Trond J. Hansen / bokbyen.no. Med løyve for Allkunne.
Bøker og vakker utsikt i eit antikvariat i Fjærland. Foto: © Trond J. Hansen / bokbyen.no. Med løyve for Allkunne.
X
Innhald

Den norske bokbyen

Den norske bokbyen er eit titals bruktbokforretningar og antikvariat i Fjærland ved Sognefjorden. I småhus langs strandkanten i Mundal finst det 4000 hyllemeter med bøker. Husa har tidlegare vore ferjeventerom, fjøs, bank, fryseri og postlokale.

Den norske bokbyen i Fjærland vart opna 23. juni 1996 av kulturminister Åse Kleveland. Det var den åttande bokbyen i Europa, den første i Norden. Initiativet kom frå bygdeutvalet i Fjærland, eit samfunn med 300 fastbuande. Drivkreftene var hotelleigar Marit Orheim Mauritzen, landhandlar Barbara Vangsnes og ekteparet Kari og Claus Kvamme.
 
Statens nærings- og distriktsutviklingsfond gav 350 000 kroner, Balestrand kommune ytte 60 000, og Norsk kulturråd løyvde 550 000 til bokbyen, og det kom mange bokgåver frå skular, bibliotek og privatpersonar.

Bøker til sjølvplukk i  bokbyen i Fjærland. Foto: © Trond J. Hansen / bokbyen.no. Med løyve for Allkunne.

Bøker til sjølvplukk i  bokbyen i Fjærland. Foto: © Trond J. Hansen / bokbyen.no. Med løyve for Allkunne.

 

Organisering

Den norske bokbyen i Fjærland har tre organisasjonsledd: bokbutikkar og driftsselskap som sel bruktbøker, ei stifting som fungerer som tilretteleggjar, og eit venelag. Det er to store butikkar, Den norske bokbyen AS, som har fleire utsal, og Straumsvågs antikvariat. I tillegg er det fleire mindre utsal som spesialiserer seg på bestemte litteraturområde. Bokbyen er open frå mai til september. Straumsvågs antikvariat og Den norske bokbyen AS har kontorverksemd heile vinteren og har postordresal. I 1998 hadde Den norske bokbyen AS ein omsetnad på 317 000 kroner, ti år seinare var omsetnaden 1,2 mill. kroner. Nynorsk Antikvariat var med frå starten. I november 2005 delte antikvariatet seg i Straumsvågs antikvariat og Nynorsk Antikvariat, og Nynorsk Antikvariat flytta til Tvedestrand.
 

Boknatt

Rundt jonsok kvart år arrangerer bokbyen ei «boknatt» med ymse arrangement og mange tilreisande, både bokkjøparar og bokseljarar. Ideen fekk bokbyen frå Nederland. Bokbyen har òg andre arrangement, foredrag og møte med forfattarar. Det har dessutan vore skipa til kurs i prising av bøker og kurs i bokbinding. I 2003 opna den andre bokbyen i Noreg i Tvedestrand, Bokbyen ved Skagerrak.
 

Opphavet

Den første bokbyen i Europa var Hay-on-Wye i Wales, som tøyer røtene attende til 1961, då Richard Booth tok til å selje bruktbøker frå den nedlagde kinoen på staden. Hay-on-Wye var den gongen nesten utdøydd som landsby, men vert no besøkt av over ein million menneske kvart år, har nærare 40 bokutsal og ein verdskjend litteraturfestival kvar vår.
 

Andre bokbyar

Det finst over 30 bokbyar i verda. Fem bokbyar, mellom dei bokbyen i Fjærland, fekk tidleg saman med University of Strathclyde og Vestlandsforsking midlar frå EU til å byggje opp eit nettverk basert på informasjons- og kommunikasjonsteknologi tilpassa mikrobedrifter. Ut av dette prosjektet voks The International Organization of Book Towns (IOB) fram. IOB omfattar i 2010 til saman 13 bokbyar. Annakvart år skipar IOB ein internasjonal bokbyfestival. I 2006 var Den norske bokbyen i Fjærland vertskap for festivalen.
 

Kjelder

Avisomtalar i Retriever 1995–2009
Richard Booth: My Kingdom of Books. Wales 1999
Opplysningar frå Den norske bokbyen ved Randi Finne 18. desember 2009
Samtale med Claus Kvamme 17. desember 2009
Samtale med Arne-Ivar Kjerland 17. desember 2009
Sluttrapport frå styringsgruppa for Den norske bokbyen 1. november 1997
 

Peikarar

Først publisert: 02.02.2010
Sist oppdatert: 01.03.2018