Faktaboks

Det Norske Samlaget

Samlaget

Offisielt namn
STIFTINGA DET NORSKE SAMLAGET
Organisasjonstype
Stiftelse
Forretningsadresse
Oslo
Dagleg leiar
Edmund Austigard
Styreleiar
John-Ragnar Aarset
Nynorsk ordliste

Nynorsk ordliste er seld i meir enn 2,5 millionar eksemplar

Nynorsk ordliste
Av /Det Norske Samlaget.
Fyrsteutgåva av Nynorsk ordliste, 1959
Fyrsteutgåva av Nynorsk ordliste, 1959
Av /Det Norske Samlaget.
Logo
Den tradisjonelle Samlags-logoen, «samlagsrota»
Logo
Av .

Det Norske Samlaget er eit norsk forlag i Oslo. Forlaget vart stifta i 1868 med føremål å gje ut bøker på nynorsk. Ein av stiftarane og fyrste formann, var Hagbard Emanuel Berner. Sigmund Skard var styreformann i åra frå 1949 til 1972. Frå 1978 er Det Norske Samlaget etablert som ei stifting.

Forlaget gjev ut tidsskriftet Syn og Segn (frå 1894), dessutan ei rekkje bokverk, historiske, biografiske og skjønnlitterære verk, barne- og ungdomsbøker, lærebøker, ordbøker og vitskaplege og populærvitskaplege bøker.

Det Norske Samlaget er formelt delt i to organisasjonar: Litteraturselskapet Det Norske Samlaget og Stiftinga Det Norske Samlaget. Litteraturselskapet er ein kulturpolitisk interesseorganisasjon som skal leggje tilhøva til rette for nynorsk bokutgiving. Forlaget Det Norske Samlaget er skilt ut som ei sjølveigande, forretningsdrivande stifting.

Forlaget overtok Noregs Boklag i 1985. I mars 2012 vart Samlaget Utdanning selt til Forlagshuset Vigmostad og Bjørke.

Det Norske Samlaget, saman med Det Norske Teatret og Noregs Mållag, deler årleg ut Nynorsk litteraturpris.

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Litteratur

  • Birkeland, Bjarte m.fl., red.: Det Norske samlaget: 1868-1968, 1968
  • Rue, Olav Hr., red.: Bøker 1868-1992: ein forlagsbibliografi, 1993, isbn 82-521-4025-4

Faktaboks

Det Norske Samlaget
Sektorkode
2100 Private aksjeselskaper mv.
Næringskode(r)
58.110 Utgivelse av bøker

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg