Hopp til innhold
 Hellevik-ordlista er selt i meir enn 2,5 millionar eksemplar.
Hellevik-ordlista er selt i meir enn 2,5 millionar eksemplar.
X
Innhald

Det Norske Samlaget

Det Norske Samlaget, forlag og litteraturselskap. Dette var den første bokklubben i landet og er i dag det fremste forlaget for utgiving av nynorsk litteratur.

Det Norske Samlaget blei skipa 24. mars 1868 etter initiativ av Hagbard E. Berner. Medlemene fekk dei bøkene laget gav ut, og Samlaget dreiv dermed som ein bokklubb. I redaksjonen, som dei første tiåra heitte domsnemnd, sat mellom anna Ivar Aasen. I 1950 blei Bjarte Birkeland den første fast tilsette i Samlaget. Då hadde forlaget alt gitt ut fire nobelprisvinnarar i litteratur. 

Den første utgivinga var "Nokre salmar" av Elias Blix. Dei neste tiåra kom fleire salmar, den første bibelomsetjinga til nynorsk og klassikarar. Først frå 1970-talet blei det det leiande forlaget for nynorsk skjønnlitteratur.

Institusjonen har heile tida vore både eit kulturpolitisk medlemslag og ei bedrift. Dette blei i 1977 formalisert i form av eit litteraturselskap, som er den politiske aktøren, og ei stifting, som driv forlaget. Frå 1894 har Syn og Segn både vore medlemsblad for laget og eit viktig allmennkulturelt tidsskrift. I 2016 hadde laget 2500 medlemer.
 
Samlaget har kvart år sidan 1924 delt ut Melsomprisen for verdfulle bøker på nynorsk som høver til massespreiing. Laget deler også ut ei rekkje andre prisar og forvaltar fleire fond.
 
Det Norske Samlaget fekk dei første statstilskota til bokprosjekt i 1881 og får i dag eit fast årleg statstilskot som utgjer om lag 7 % av inntektene.
 
Frå 1958 moderniserte forlagssjef Johs. A. Aanderaa drifta av forlaget. Han bygde opp ei skjønnlitterær avdeling og ei skulebokavdeling. Skulebokavdelinga vart selt ut av forlaget i 2012. I 2018 har forlaget 23 tilsette.
 
I 2016 hadde Samlaget ei omsetning på omlag 70 millionar kroner.
 
Kari Bjørke er styreiar og Hege Myklebust er leiar i Litteraturselskapet. Edmund Austigard har vore forlagsdirektør sidan 2011. Det Norske Samlaget er medlem i Nynorsk forum.

Kjelder

Ottar Grepstad: Viljen til språk. Ei nynorsk kulturhistorie. Oslo 2006

Det Norske Samlaget: Om Litteraturselskapet Det Norske Samlaget og årsmelding, samlaget.nohttps://samlaget.no/pages/litteraturselskapet-det-norske-samlaget [lesedato 25.3.2018]

Det Norske Samlaget: Om Stiftinga Det Norske Samlaget og årsmelding, samlaget.nohttps://samlaget.no/pages/stiftinga-det-norske-samlaget [lesedato 25.3.2018]

Peikarar

Nettstaden til Samlaget

Ottar Grepstad: «Barnetimetanta i eventyrbyen». Om Marie Heggen, den første kvinna som gav ut ei skjønnlitterær debutbok på Samlaget. Publisert 2018 på aasentunet.no (pdf) 

Først publisert: 04.09.2009
Sist oppdatert: 15.02.2019