Hulda Garborg.
Portrett av Hulda Garborg.
Av /Nasjonalbiblioteket.

Det Norske Spellaget var eit nynorsk teaterturnéselskap som la grunnen for Det Norske Teatret.

Det Norske Spellaget vart skipa 3. mars 1899 som eit framhald av nokre freistnader med landsmålsdramatikk under den store målmarknaden i Kristiania i september 1898. Forleggjaren og stortingsreferenten Magnus Hydle var den første formannen i Spellaget, men det var styremedlem Hulda Garborg som drog det meste av lasset.

Den første framsyninga si hadde spellaget 21. mars 1899 på Eldorado Theater i Torggata, der det mellom anna spela Rasmus Lølands Stevleik og Hulda Garborgs eige Mødre. Spellaget hadde nokre få nye framsyningar i 1900 og 1901, men var deretter inaktivt fram til 1910. Tidlegare stats- og utanriksminister Jørgen Løvland tok då saman med Hulda Garborg initiativ til å skipe Spellaget på nytt, og Hulda Garborg samla saman potensielle skodespelarar som ho lærte opp og instruerte.

Det Norske Spellaget var no eit reint turnéteater, som skulle spele landsmålsdramatikk rundt omkring i landet. Det drog i 1911 og 1912 på tre større turnear og spela mellom anna Ivar Aasens Ervingen, Ivar Mortensson-Egnunds Varg i Veum og Moliéres George Dandin (av Arne Garborg omsett til Arme Jørgen). Mellom skodespelarane i Spellaget var forutan Hulda Garborg sjølv, sonen hennar, Arne Olaus Fjørtoft «Tuften» Garborg, Edvard Drabløs, den seinare lyrikaren Olav Nygard, Anders Underdal og den seinare nøkkelmannen i norsk filmproduksjon, Rasmus Breistein. Turneane gjekk med økonomisk overskot og fekk dels særs god oppslutnad.

Spellaget var meint som eit første skritt mot eit fast nynorsk teater, og turnédrifta synte at det var interesse for og marknad for eit slikt teater. I april 1912 var Det Norske Spellaget ferdig med den siste turneen sin. I november same året vart Det Norske Teatret formelt skipa, med Hulda Garborg som den første styreformannen. Fleire av skodespelarane i det første ensemblet ved Det Norske Teatret hadde bakgrunn frå Spellaget.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg