Hopp til innhold

Eidsvoll offentlege landsgymnas

Eidsvoll offentlege landsgymnas, skipa i 1922, var det andre offentlege landsgymnaset i landet. Føremålet var at bygdeungdom lettare skulle få tilgang til høgare utdanning. Gymnaset var språkdelt og rekrutterte vesentleg ungdom frå Austlandet. Dagens Eidsvoll videregående skole er eit direkte framhald av Eidsvoll landsgymnas.

Som dei andre landsgymnasa gav Eidsvoll-gymnaset bygdeungdom høve til å ta examen artium på fire år, på grunnlag av folkeskule og framhalds- eller folkehøgskule. Gymnaset blei oppretta med reallinje og latinlinje, fekk engelsklinje i 1936, eit intermesso med norrønlinje frå 1941 til 1945 og naturfaglinje frå 1953. Skulen innførte treårig gymnas i 1955 og blei gjort om til vidaregåande skule i 1965. Gymnaset blei kjent for å ha fagleg dugande lærarar og oppnådde gode eksamensresultat. Etter krigen blei Eidsvoll det største av landsgymnasa, og ei rekkje av elevane ved skulen fekk seinare sentrale posisjonar i det norske samfunnet. Dei siste elevane gjekk ut av Eidsvoll landsgymnas i 1966. Frå 1967 var gymnaset ein lokalskule som i 1976 fekk namnet Eidsvoll videregående skole. Skulen er i dag ein kombinert vidaregåande skule, eigd av Akershus fylkeskommune.

Lokalisering

Det stod strid om stadvalet for det austlandske landsgymnaset. Ein kompliserande faktor var den tette relasjonen mellom målrørsla og landsgymnasa. På Austlandet hadde målrørsla lite gjennomslag på sentrale stader som kunne vere aktuelle for eit gymnas. Floken blei løyst då Romerikes ungdomsforening tok initiativ til at staten kunne ta over eigedomen til folkehøgskulen på Eidsvoll. Hausten 1922 kom landsgymnaset i gang med 33 elevar.

Skulebygningane etter den gamle folkehøgskulen synte seg å vere lite høvelege. Det blei gjort vedtak om å reise ein ny skulebygning, men byggjeprosessen tok tid. Dårleg økonomi gjorde at bygget blei reist utan sentralvarme og moderne sanitæranlegg. På den andre sida fekk fysikk- og kjemiundervisninga ved skulen svært gode fasilitetar. Bygget blei innvigd i juni 1927. Bygningane til den gamle folkehøgskulen blei nytta som elevinternat.

Målsak

Målspørsmålet skapte vanskar også internt ved gymnaset. I samband med rektortilsetjinga blei det strid om dette. Departementet gjekk imot forstandarskapet ved skulen og tilsette målmannen Johan Fredrik Voss (1883–1966), som var rektor til 1945. Det blei òg debatt om målforma ved skulen. Blant medlemene i forstandarskapet var sokneprest og seinare biskop Eivind Berggrav (1884–1959). Han var då leiar for «Østlandsk reisning», som arbeidde for samnorsk og gjekk imot at landsmål skulle vere hovudmålform. Løysinga blei at skulen ikkje fekk eit formelt hovudmål, men at elevane kunne velje hovudmål fritt. Elevane var delte på midten i val av hovudmål, og denne målkløyvinga var eigna til å skape vanskar for undervisninga. Her stod landsgymnaset på Eidsvoll i ei særstilling. Ved dei andre gymnasa stod landsmålet så sterkt at det blei det naturlege hovudmålet. Dette hindra likevel ikkje at Eidsvoll offentlege landsgymnas fekk sentrale målfolk som lærarar. Enno i 1935 var alle lærarane ved skulen nynorskfolk. Dei tre rektorane for landsgymnaset – Voss frå 1922, Edvard Brakstad (1888–1982) frå 1945 og Bjarne Svare (1897–1973) frå 1959 – var alle nynorskspråklege.

Biskop Eivind Berggrav  (1884–1959) var medlem av forstandarskapet ved Eidsvoll offentlege landsgymnas. Ukjent fotograf og årstal. Kjelde: Perspektivet Museum, Flickr.com CC BY-NC-ND 2.0.

Biskop Eivind Berggrav  (1884–1959) var medlem av forstandarskapet ved Eidsvoll offentlege landsgymnas. Ukjent fotograf og årstal. Kjelde: Perspektivet Museum, Flickr.com CC BY-NC-ND 2.0.

«NS-gymnas»

I 1930- og 40-åra fekk nazismen innpass ved skulen. Her skilde Eidsvoll seg frå dei andre landsgymnasa. Rektor Voss var medlem av Nasjonal Samling frå 1940. Eit visst innslag av elevane var anten medlemer av NS eller hadde slike sympatiar. Frontane ved skulen hardna til då nazifiseringspolitikken under Quisling blei sett ut i livet i 1942. Med unntak av rektor og to andre nekta lærarane ved gymnaset å bøye seg for forordninga om obligatorisk medlemskap i det nye nazistiske Lærarsambandet. Tre av lærarane blei arresterte og sende til Kirkenes. Mange av elevane protesterte ved å reise frå skulen, men ein kjerne på 15–18 elevar blei att. Skulen fekk ry på seg for å vere NS-gymnas. I krigsåra miste ti av elevane livet, fem av dei på austfronten. Då krigen var slutt, blei rektor Voss arrestert, og lektor Brakstad blei konstituert og seinare fast tilsett som rektor ved gymnaset.

Elevane

I tråd med føremålet rekrutterte landsgymnaset på Eidsvoll i hovudsak bygdeungdom. I perioden 1926–46 dominerte bondeungdom rekrutteringa. Den geografiske rekrutteringa endra seg over tid. Rett nok kom flest frå Austlandet. I perioden 1926–46 kom om lag 25 prosent frå Akershus, i 1956 var talet auka til vel halvparten (av 103 avgangselevar kom 45 frå sjølve Romerike og 19 frå Eidsvoll). Dette syner at rekrutteringa etter krigen i stor grad var blitt regional. I den første perioden var innslaget av elevar frå Oppland og Hedmark stort, om lag 20 prosent frå kvart av dei to fylka. Det var mange elevar frå Gudbrandsdalen, Østerdalen og Valdres. Før krigen var det òg relativt stor rekruttering frå Trøndelag. I 1950- og 60-åra var det få elevar utanom Austlandet, noko som hadde samanheng med utbygginga av den vidaregåande skulen utover landet.

Gutane var lenge i stort fleirtal. Frå 1950-åra blei det gradvis fleire jenter. Russekullet frå 1956 hadde til dømes 42 jenter av til saman 103 elevar. Kjønnsforskjellane var tydelege med omsyn til linjeval. Reallinja og naturfaglinja hadde svært få jenter. Innslaget var større på engelsklinja. I 1956 var søknaden til denne linja så stor at ein måtte opprette ei eiga jenteklasse i tillegg til ei blanda klasse.

Som ved dei andre landsgymnasa var elevaktivitetar av forskjellig slag eit viktig innslag på Eidsvoll. Det var mellom anna elevorkester, skulekor, teatergruppe, idrettslag og elevlag. Sentrale namn frå norsk samfunnsliv var foredragshaldarar i elevlaget opp gjennom åra. Elevane knytte tette personlege nettverk.

Kjelder

Edvard Brakstad: «Landsgymnas», Norsk Allkunnebok, bd. VII. Oslo 1956

Edvard Brakstad, Bjarne Svare og Eirik Sundli (red.): Eidsvoll offentlege landsgymnas gjennom 25 år. Eidsvoll 1947

Gudleiv Forr og Helge Vold (red.): Landsgymnaset. Oslo 2007

Asbjørn Haug og Erling Dæhlie: Frå folkehøgskole og gymnas til kombinert videregående skole. Eidsvoll videregående skole 90 år. Eidsvoll 1998

Reidun Høydal: «Folkedanning? Landsgymnaset som mothegemonisk danningsprosjekt», Nytt Norsk Tidsskrift nr. 4/2003

Helge Vold (red.): Landsgymnasår. Eidsvoll 1957–60. Skolehistorie, rektorer, lærere, elever, internat- og hybelliv, fritid, idrett, episoder. Oslo 2006

J. Fredrik Voss: Eidsvoll off. Landsgymnas 1922–1945. Attersyn og utsyn, uppgjerd. Ei utfylling til 25 årsskriftet 1947. Rena 1952

Først publisert: 30.06.2017
Sist oppdatert: 21.08.2017