Hopp til innhold
X
Innhald

Folkehøgskule

Folkehøgskule er eit nordisk skuleslag med utgangspunkt i tankane til den danske diktarpresten N.F.S. Grundtvig (1783–1872). Skulane er sjølvstyrte og kan ha ulike særpreg, men alle er opptekne av å gi allmenndanning utan bruk av eksamen eller karakterar.

Idealistiske teologar og pedagogar skipa frå midt på 1800-talet folkehøgskular som viktige opplysnings- og oppvekkingsmiljø – særleg for bygdeungdom. Formidling av teoretisk kunnskap og praktisk dugleik har stått sentralt, men i nær tilknyting til personleg mogning og utvikling av «det heile mennesket». Elevinternata har vore og er framleis ein viktig del av det pedagogiske opplegget og sosialiseringa i folkehøgskulen.

I Noreg vart den første skulen skipa av ihuga grundtvigianarar i 1864. Ti år seinare oppretta styresmaktene amtsskular som ei motvekt, og frå slutten av 1800-talet fekk rørsla konkurranse av kristelege ungdomsskular. I 1949 vart dei tre skuletypane samla under ei sams lov, og frå ca. 1970 har alle brukt folkehøgskule-namnet.

I 2018 er det 80 folkehøgskular i Noreg, og ca. 10 prosent av ungdomskulla vel å ta med eit slikt år i utdanninga si.

Dansk opphav

Grundtvig ville bort frå leksepugg og eksamensstrev til engasjerte foredrag og samtalar om sentrale livsspørsmål. På hans initiativ kom den aller første folkehøgskulen i gang i Rødding i Nord-Slesvig i 1844. Christen Kold (1816–1870) gjorde mykje for å setje Grundtvigs idear ut i livet. Han starta høgskule i Ryslinge i 1851, og i undervisninga la han særleg vekt på historie, heimleg litteratur og folkesong.

Sagatun, Vonheim og Sogndal

Den første norske folkehøgskulen vart skipa av Hermann Anker (1839–1896) og Olaus Arvesen (1830–1917) i 1864. Det var Sagatun på Hamar.

Til liks med skiparane av Sagatun var også Christopher Bruun (1839–1920) ein teolog som var inspirert av Grundtvig og dei danske folkehøgskulane. I 1867 starta han folkehøgskule i Gudbrandsdalen (frå 1871 i Gausdal og frå 1875 med namnet Vonheim). Chr. Bruun var prega av stort livsalvor, og skulen hans verka vekkjande både kristeleg, nasjonalt og politisk. Framhevinga av bondekulturen og det særnorske skilde Vonheim frå Sagatun.

Den tredje norske folkehøgskulen skilde seg endå meir frå det danske opphavet. Prestesonen og teologen Jakob Sverdrup (1845–1899) var skeptisk til grundtvigianismen, og han fekk støtte frå sentrale kyrkjemenn til å starte ein meir «norsk» og «luthersk» skule. Skulen starta i Sogndali 1870, men i praksis kom han ikkje til å skilje seg ut så mykje som utgangspunktet kunne tilseie.

Elevflokken på Sogndal Folkehøgskule i 1927. Ukjend fotograf. Eigar: Gudrun Loftesnes/Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Elevflokken på Sogndal Folkehøgskule i 1927. Ukjend fotograf. Eigar: Gudrun Loftesnes/Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane (henta frå Fylkesleksikon Sogn og Fjordane).

Amtsskular og ungdomsskular

I 1875 vedtok Stortinget å opprette høgare offentlege skular i kvart amt (fylke). Det var tenkt som eit mottiltak til dei grundtvigske skulane. Dei sistnemnde vart kritiserte frå kyrkjeleg hald for kristendomssynet, men også frå akademisk hald for den pedagogiske forma, og generelt frå konservativt hald når ein såg at dei utvikla seg i radikal retning politisk.

I praksis kom amtsskulane til å likne på folkehøgskulane ved at ein las moderne litteratur og la vekt på det humane. Mange av lærarane kom då også frå dei ikring tretti folkehøgskulane som var i gang frå eitt til nokre få år i 1870-, 80- og 90-åra.

I 1888 fekk Viggo Ullmann (1848–1910) tilskot frå staten til å drive eit friseminar (privat lærarutdanning) ved sida av folkehøgskulen sin i Seljord. Tilhengarar av ei meir pietistisk kristendomsform reagerte med å skipe både eit nytt seminar og ein ungdomsskule i Telemark.

Asbjørn Knutsen (1842–1917), som i 1893 fekk i gang den første kristelege ungdomsskulen, bygde på skuletankar frå eldre haugianarar så vel som på Chr. Bruuns Folkelige Grundtanker. Skulen hans vart meir kristeleg vekkjande, meir arbeidslivsretta og meir politisk varsam enn dei grundtvigske. Fire år etter at Knutsen tok til i Telemark (Sagavoll frå 1914), starta Johannes Brandtzæg ein tilsvarande skule på Framnes i Hardanger, og etter hundreårsskiftet kom fleire til.

Norsk folkehøgskule frå 1900 til i dag

Oppslutnaden om og fagtilbodet i rørsla veksla mykje gjennom 1900-talet. Frå 1949 vart dei tre skulegreinene organiserte under ei sams lov. Amtsskulane eller fylkesskulane byrja tidleg å likne på folkehøgskulane. Etter at «ungdomsskule» vart nemninga på dei tre siste åra i grunnskulen, byrja også dei kristelege ungdomsskulane å kalle seg folkehøgskular.

Frå ikring 1970 har mykje av undervisninga vore retta mot «fritidsaktivitetar» som teater, musikk, dans, forming, filosofi og friluftsliv. Søknaden til skulane gjekk likevel ned då fylka bygde ut vidaregåande opplæring for alle ungdomar frå midt i 1970-åra. I 1997 vedtok Stortinget at eit folkehøgskuleår skal gi tre poeng ved opptak til høgare utdanning, og sidan då har rekrutteringa teke seg opp att. Frå skuleåret 2009/10 gir eit fullført folkehøgskuleår to tilleggspoeng.

Kjelder

Olav Akerlie: Frilynt folkehøgskole 1864–2001. Oslo 2001

Arild Mikkelsen (red.): Livslyst og skolelyst. Norsk Folkehøgskolelag 100 år. 2005

Aslak Torjusson: Den norske folkehøgskulen: opphav og grunnlag. Oslo 1977

Peikarar

Felles nettside for alle norske folkehøgskular

Først publisert: 19.01.2010
Sist oppdatert: 25.04.2018