Hopp til innhold

Fonna Forlag

Fonna Forlag, nynorsk forlag. Dei har i alle år satsa på populær litteratur og gir framleis ut den legendariske teikneserien Ingeniør Knut Berg.

Forlaget blei skipa i 1940 av Hans Aarnes for å gi ut bøker og blad på nynorsk. Blant dei viktigaste utgivingane utanom teikneseriar er Nynorsk Vekeblad, med prøvenummer i 1933 og fast utgiving 1934–54. Forlaget gav ut det første allmenne oppslagsverket på nynorsk, Norsk Allkunnebok, i ti band 1948–66 pluss atlas og juridisk ordbok. Både i 1977 og 1983 kom ei faksimileutgåve av Ivar Aasens Norsk Ordbog.
 
Forlaget laga ein god del bruksprosa og underhaldningslitteratur i 1940- og 1950-åra og gav ut 126 bøker på dei ti første åra. I seinare år har verksemda helst vore avgrensa til nyutgåver av gamle teikneseriar, men i 2007 tok dei til på ei ny rekkje med Ingeniør Knut Berg. Jon Bing og Tor Åge Bringsværd skriv, Knut Westad teiknar.
 
Kjelder
Ottar Grepstad: Viljen til språk. Ei nynorsk kulturhistorie. Oslo 2006

Først publisert: 29.11.2009
Sist oppdatert: 10.05.2013