Førde Internasjonale Folkemusikkfestival
Konsert med Nomadic Voices på Hafstadfjellet i Førde i 2015

Førde Internasjonale Folkemusikkfestival er ein årleg festival i Førde i Vestland. Festivalen er den største av sitt slag i Skandinavia og presenterer kring 250 artistar frå ulike delar av verda kvart år.

Faktaboks

Også kjend som

Førdefestivalen

Etablering

Førdefestivalen, som festivalen vert kalla i daglegtale, vart skipa i 1989. Året etter vart den første festivalen gjennomført i Førde, og han har sidan vore eit årleg arrangement i første halvdel av juli. Festivalen er ei stifting med ideelle føremål, med medlemer frå Sunnfjord kommune, Vestland fylkeskommune, næringslivet og frivillige organisasjonar.

Drift

Frå 1989 har festivaladministrasjonen vakse frå ei halv stilling til sju tilsette i 2017. Frå 1989 til 2018 var Hilde Bjørkum med få avbrot dagleg leiar (dei siste åra direktør) for Førde Internasjonale Folkemusikkfestival. Direktør sidan 2018 er Per Idar Almås. Kvart år yter 350 frivillige 5000 dugnadstimar. Den årlege omsetninga er på om lag 19 millionar kroner.

Frå 2012 er kronprinsesse Mette-Marit den høge vernaren for Førdefestivalen. Festivalen er medlem av Norske Festivaler, European Forum of Worldwide Music Festivals, Freemuse og fleire. Festivalen hadde status som knutepunktinstitusjon frå 2005 og fram til knutepunktordninga vart avvikla i 2015.

Profil

Folkemusikk og verdsmusikk er sentrale sjangrar, men festivalen har eit breitt og variert kulturprogram. Utvalde sjangrar og geografiske område set oftast rammene for programmet. Politiske spørsmål kring sameksistens, makt og undertrykking har òg vore festivaltema.

Eit uttalt mål er å framheve unge musikarar og nye produksjonar. Festivalen har vist fram fleire artistar før dei vart verdskjende. I 1991 song den sibirske gruppa Tuva overtonesong frå ei norsk scene for første gong, og allereie i 1993 gjesta romani-rumenske Taraf de Haïdouks festivalen.

Utmerkingar

Det internasjonale folkemusikkmagasinet Songlines har kåra Førdefestivalen til ein av dei 25 beste festivalane i verda fleire år på rad. I 2014 kom Førdefestivalen på den britiske avisa The Guardian si liste over dei ti beste småbyfestivalane i Europa, og i 2015 vart festivalen lista på National Geographic Travel si topp-sju-liste over musikkfestivalar i Europa uansett sjanger.

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg