Hopp til innhold

Garborg-året 2001

Garborg-året 2001 var ei landsdekkjande markering av 150-årsminnet for kulturpersonlegdomen Arne Garborg sin fødsel.

Året var ei samla feiring av både jubilanten Arne Garborg (1851–1924) og kona Hulda Garborg (1862–1934). Garborg-stiftinga vart skipa i Oslo i mars 1999, planlagd og gjennomført etter mønster av Ivar Aasen-året 1996. Forprosjektet vart skrive av dagleg leiar i Ivar Aasen-året, Einar Schibevaag. Etter jubileet tok Time Mållag initiativ til ei utgreiing av ideen om eit nasjonalt Garborgsenter på Jæren, og bygget stod klart i 2011.
Føremålet om å fremje interessa for forfattarskapane og livet til ekteparet stod sentralt i jubileumsåret, samstundes som ein ønskte å aktualisere kunsten deira på nye og utradisjonelle måtar. Motto for jubileet, «Mot til å meina – styrke til å skapa», skulle symbolisere ekteparet sitt bidrag til den norske kulturarven, både som kunstnarar, aktive samfunnsdebattantar og kulturpersonlegdomar.
Garborg-året fekk mest å seie for Hulda, som fekk auka merksemd og vørdnad i lys av markeringa. Livsverka deira vart òg meir kjende og tilgjengelege for publikum.
Garborg-stiftinga var eit samarbeid mellom «Garborg-kommunane» Time, Asker, Oslo og Tynset. Stiftinga hadde fleire målgrupper: eit allment kulturinteressert publikum, skuleelevar, studentar og kulturformidlarar. Dette resulterte til dømes i utarbeidingar og tilskipingar av nye teaterframsyningar, framføring av musikalske nytolkingar og ulike kunstutstillingar.
I tillegg vart det skipa til faglege seminar og stipendordningar til unge Garborg-forskarar. Stiftarane hadde som målsetjing å auka merksemda kring Garborg-formidling for born. Det vart registert over 520 arrangement. Netto driftsinntekter var 5,71 millionar kroner. Samla sett, medrekna driftsutgifter, kom Garborg-året ut med balanse i rekneskapen.
Kjelder
Grepstad, Ottar: Viljen til språk. Ei nynorsk kulturhistorie. Oslo 2006
Mot til å meina – styrke til å skapa. Sluttrapport Garborg-året 2001. Publisert av Trond Lie, sist endra 21.04.2009: http://www.time.kommune.no/artikkel.aspx?AId=1478&back=1&MId1=797 [lesedato 4.6.2013]
Peikarar

Først publisert: 11.02.2014
Sist oppdatert: 20.03.2014