Hopp til innhold
X
Innhald

Hardingtonar

Hardingtonar er ein årleg musikkfestival som vert arrangert i Norheimsund og Øystese. Hovudføremålet med festivalen er å hylle og auke kjennskapen til komponisten og hardingen Geirr Tveitt (1908–1981).

I tillegg til oppføringar av Tveitt sin musikk, byr festivalprogrammet på lokale folketonar og klassisk musikk av utøvarar frå inn- og utland med ulik sjangerbakgrunn. Leiinga er generelt oppteken av lokal kulturskaping i Hardanger og ønskjer å leggje til rette for ei brei formidling av musikk- og scenekunst med høg nasjonal og internasjonal standard. Festivalprofilen syner ei kunstnarleg breidde som strekkjer seg frå solistkonsertar til orkesterframføringar, filmframsyningar og foredrag.
Stiftinga Hardingtonar vart skipa i 1991. Pianisten og sambygdingen Geir Botnen (f. 1959) har vore ein sentral initiativtakar i grunnlegginga av festivalen. Sidan 2006 har Botnen vore formann og kunstnarisk leiar. Noverande styremedlemer er Tarjei Flotve (f. 1947), Rolf Brynjulf Bergesen (f. 1943) og Olav Skeie Lid (f. 1962).
Hardingtonar gjennomfører kvart år om lag 7–10 arrangement/konsertar i juni månad, med framføring på ulike arenaer omkring i bygdesentra, til dømes på Thon Hotel Sandven, Kunsthuset Kabuso og Norheimsund skule. Hovudsponsor for festivalen er Sparebanken Vest.
Omsetninga totalt i 2013 var 960 000 kroner, og publikumstalet var 2045.
Kjelder
E-postar frå festivalsekretær Solfrid Aksnes 5.6.2013, 18.6.2013 og 9.1.14
Festivalomtale for Hardingtonar 2013 i Hordaland Folkeblad 18.6.2013
Historikk og programarkiv for Hardingtonar: http://www.hardingtonar.no/ [lesedato 10.2.2014]
Peikarar
Om Geirr Tveitt på naxos.com

Først publisert: 11.02.2014
Sist oppdatert: 20.03.2014