Hopp til innhold
X
Innhald

Hordaland Teater

Hordaland Teater, regionalt teater.

Hordaland Teater blei skipa i 1985 i Bergen etter eit initiativ frå Vestlandske Teaterlag. Laget var blitt etablert i 1967 på grunnlag av eit framlegg frå Per Håland og med Anne Gullestad som første formann. Laget skulle drive teater tufta på det vestnorske språket og spreie teaterkunnskap i by og bygd.
 
Teatret spelar i dag på nynorsk og dialekt og er eit turnéteater. Born og unge er er den viktigaste publikumsgruppa.

Teatret hadde si første framsyning i 1988. Til og med 2004 hadde teatret produsert om lag 5100 framsyningar. Det årlege publikumstalet har lege i overkant av 30 000.
 
Frå framsyninga
Frå framsyninga "Ein god dag kjem aldri for tidleg". Foto: Dag Jenssen, Hordaland Teater.
 
Trond Birkedal er teatersjef og teatret har ti faste tilsette.

Kjelder
Ottar Grepstad: Viljen til språk. Ei nynorsk kulturhistorie. Oslo 2006
 
Peikarar
Nettstaden til Hordaland Teater

Først publisert: 05.11.2009
Sist oppdatert: 21.03.2014