Hopp til innhold
X
Innhald

Idrettslag i Sogn og Fjordane

Det eldste idrettslaget i Sogn og Fjordane er Florøen Skytterlag, forening til ”Udbredelse at Lægemsøvelser og Vaabenbrug” som vart skipa i Florø i 1862.

Florøen Skytterlag, forening til ”Udbredelse at Lægemsøvelser og Vaabenbrug” vart skipa i Florø i 1862, og var forløparen til Florø Turn & Idrettsforening (FT&IF). Fekk eit eige spesiallag for friidrett i 1990.

Eid idrettslag vart skipa i 1863 som Eids turnforening. Laget skifta namn i 1923. Vrangfos Idrettslag på Haugen i Eid vart skipa i 1896, og endra namn til Haugen Idrettslag i 1932

Florø Turnforening vart skipa i 1893, seinare endra namn til Florø Turn og Idrettsforening (FT & IF). Laget har frå 1982 skipa til løpsstemnet Rett vest, og sidan 1994 skipa til Florø Friidrettsfestival. Florø fekk idrettshall i 1976 og storhall i 2005.

Stryn Turn & Idretsforening vart skipa i 1898. Fekk den første storhallen i fylket, Strynehallen, i 1987.

Stryn Turn & Idretsforening vart skipa i 1898. Fekk den første storhallen i fylket, Strynehallen, i 1987.

Skilaget Fjellhug i Gloppen vart skipa i 1899. Slo seg i 1966 saman med Vereide turn og Idrettslag til Fjellhug/Vereide idrettslag.

Breim Idrætsforening vart skipa i 1900. Det er uvisst kor lenge laget eksisterte.

Sandane Turn og Idrettslag (STIL) vart skipa i 1900. I 1933 bygde STIL Turnhallen på Sandane. Den nye Firdahallen stod ferdig i 1965. I 1990 skipa STIL overbygningsklubben Gloppen Friidrettslag saman med andre idrettslag i kommunen.

Bukta Idrettslag i Gloppen vart skipa i 1901.

Idrætslaget Hjolmstra på Skei vart skipa i 1901 og var i drift til kring 1912.

Styrk Idrettslag i Innvik vart skipa i 1902. Bygde på 1980-talet Styrkhallen.

Nesstrand Idrettslag på Hestenesøyra vart skipa i 1902.

Utvik Idrettslag vart skipa i 1902.

Hardbagg Idrettslag på Hopland i Stryn vart skipa i 1902.

Markane Idrettslag i Stryn vart skipa i 1905.

Indre Gloppen Idrettslag vart skipa i 1905.

Vik Turn og Idrettslag vart skipa i 1905. Namnet vart endra til Vik Idrettslag i 1969. Vikjastafetten har vorte skipa til sidan 1946.

Tambarskjelvar Idrettslag i Naustdal vart skipa i 1905. Naustdalstafettane starta i 1955.

Hyens Idrettslag vart skipa i 1906.

Leikanger Idrettslag vart skipa i 1906.

Idrettslaget Fjell på Nordsida i Stryn vart skipa i 1909. Dette gjekk i 1968 inn i Veten Idrettslag.

Hornindal Idrettslag vart skipa i 1910.

Måløy Idettslag vart skipa i 1910. Samarbeidde med andre lag om bygging av Turnhallen i Måløy i 1920. Storhallen Nordfjordhallen i Skavøypoll vart bygd i 2001.

Oppstryn Idrettslag vart skipa i 1911. Fekk den første ”friidrettsprisen” for godt lagsarbeidet i fylket i 1988.

Indre Breim Idrettslag (IBIL) vart skipa i 1911. I 1982 skipa det og Breim Idrettslag ”Breimsbygda Friidrettslag” som i 1990 gjekk inn i Gloppen Friidrettslag. Laget skipa til det internasjonale friidrettstemnet Byrkjelo Games i åra 1982–1987. Indre Breim Idrettslag (IBIL), Breim Idrettslag og Breimsbygda friidrett slo seg saman til Breim Idrettslag i 1989.

Høyanger Idrettsforening (HIF) vart skipa i 1917. I 1957 slege saman med Falken til Idrettslaget Høyang. Høyanger fekk Centralidrettsplass for Sogn i 1930 med 7700 kroner i tiskot frå NACO (aluminiumsverket), 7000 frå Kyrkjebø kommune og 3.000 frå Norges Landsforbund for Idrett.

Turn og Atletklubben Falken i Høyanger vart skipa i 1917. Var tilslutta Arbeidernes Idrettsforening - AIF - som eit resultat av kløyvinga i den norske idrettsrørsla ved skiping av AIF. I 1957 slege saman med HIF til Idrettslaget Høyang.

Breim Idrettslag vart skipa i 1917. Det heitte opphaveleg Breim Idrettsforening. I 1947 vart Nesstranda Idrettslag immlemma i Breim Idrettslag. Breimstafetten har vorte skipa til sidan 1935.

Leikanger Skilag vart skipa i 1919. Gjekk inn i nyskipa Syrstrond Idrottslag (Syril) i 1945. Idrettslaget Brodd på Rygg i Gloppen vart skipa i 1919.

Idrettslaget Modig i Fresvik vart skipa i 1919.

Blaksæter Idettslag i Stryn vart skipa i 1920.

Olden Idrettslag vart skipa i 1920.

Ålhus Idrettsleg vart skipa i 1920.

Førde Sports og Idrettforening vart skipa i 1920. Seinare endra namn til Førde Idrettslag. I 1931 bygde laget idrettsbane på Kronborg.

Borgund Skilag vart skipa kring 1920 av reingjetarar heimehøyrande i Femund-traktene og ungdom frå Borgund. Laget var i verksemd fram til ca. 1940.

Eggedalen Idrettslag i Breim vart skipa i 1920-åra.

Hornindal Idrettslag vart skipa i 1921.

Aurland Idrettslag vart skipa i 1921.

Skjolden Idrettslag vart skipa i 1921. I 1966 innlemma i Idrettslaget Bjørn.

Ålfoten Idrettslag vart skipa i 1922.

Vereide Turn og Idrettslag vart skipa i 1922. Slo seg i 1966 saman med Skilaget Fjellhug til Fjellhug/Vereide.

Sandane fotball-lag vart skipa i 1922 og gjekk inn i STIL i 1929.

Eikås Idrettslag i Jølster vart skipa i 1923.

Stardalen Idrettslag vart skipa i 1924.

Askvoll Idrettslag vart skipa i 1925.

Sogndal Idrettslag vart skipa i 1926.

Dale Idrettslag vart skipa i 1926. Fjalerhallen vart bygd i 1989.

Brekke Idrettslag vart skipa i 1927.

FGIL – Firda Gymnas Idrettslag – vart skipa i 1927.

Fortun Idrettslag vart skipa i 1929. Idrettslaget Fanaråk i Luster vart skipa i 1979 etter samanslåing av Fortun Idrettslag og Skjolden Idrettslag.

Balestrand Idrettslag vart skipa i 1929. I 1978 skipa laget til NM i maraton, og starta etter denne med mosjonsløpet Esefjorden rundt.

Florø-Varg fotballklubb vart skipa i 1929. I 1945 slege saman med sportklubben Atgeir til Florø Sportsklubb.

Svelgen Turn og Idrettsforening vart skipa i 1930.

Fotballklubben «Ready» vart skipa i Florø i 1931. Var tilslutta Arbeidernes Idrettsforening - AIF som eit resultat av kløyvinga i den norske idrettsrørsla ved skiping av. I 1936 vart Ready omdøypt til «Atgeir». I 1945 slegen saman med Florø-Varg til Florø Sportsklubb.

Von Idrettslag i Holmøyane i Eid vart skipa i 1932.

Vadheim Idrettslag vart skipa i 1933.

Bygstad Idrettslag vart skipa i 1934. Gaular Idrettslag vart skipa i 1986 ved samanslåing av Bygstad Idrettslag og Sande Idrettslag.

Hafslo Idrettslag vart skipa i 1934.

Stårheim Idrettslag vart skipa i 1935.

Selje Idrettslag vart skipa i 1937.

Lærdal fotballklubb vart skipa i 1937 og i 1946 omskipa til Lærdal Idrettslag. Før 1937 var det eit lokalt arbeidarungdomslag som organiserte idretten i bygda.

Norddalsfjord Idrettslag vart skipa i 1938.

Årdalstangen Idrettslag vart skipa i 1939.

Kjølsdalen idrettslag vart skipa i 1941.

Idrettslaget Foss på Skei vart skipa i 1941.

Idrettslaget Fjellvåken på Eikås i Jølster vart skipa i 1941.

Loen idrettslag vart skipa i 1944.

Galopp, seinare Bryggja Idrettslag, vart skipa i 1945.

Idrettslaget Jotun i Årdal vart skipa i 1945 ved at Øvre Årdal Skilag og fotballaget Jotun slo seg saman.

Idrettslaget Jotun i Årdal vart skipa i 1945 ved at Øvre Årdal Skilag og fotballaget Jotun slo seg saman.

Syrstrond Idrottslag (Syril) vart skipa i 1945 ved nedleggjing av Leikanger Skilag. Har skipa til Syrtilstafetten frå 1946.

Lavikdal Idrettslag vart skipa i 1945.

Søreide Idrettslag vart skipa i 1946 og omfata bygdene Søreide, Bjordal og Ortnevik.

Pil Idrettslag i Viksdalen vart skipa i 1948. I 1986 vart namnet endra til Viksdalen Idrettslag.

Svint Idrettslag vart skipa 1950. Organiserer idretten i bygdene Flekke og Guddal i Fjaler og delvis i Hyllestad.

Vassenden Idrettslag vart skipa i 1952. I 1955 slege saman med nabolag til Nedre Jølster Idrettslag, og seinare same året med øvrige lag i kommunen til Jølster Idrettslag.

Jølster Idrettslag vart skipa i 1955 ved at dei lokale laga Stardalen, Foss, Vassenden og Fjellvåken slo seg saman.

Tistam idrettslag i Stryn kommune vart skipa i 1955.

Byrknes Idrettslag vart skipa i 1959.

Idrettslaget Bjørn i Luster vart skipa i 1966 etter at idrettslaga i Gaupne, Jostedal og Indre Hafslo vart slegne saman.

Eikefjord Idrettslag vart skipa i 1967.

Veten Idrettslag vart skipa i 1968 ved samanslåing av Idrettslaget Fjell og Blakset Idrettslag. Dette siste heitte i starten Blakset Skilag.

Leirgulen Idrettslag i Bremanger vart skipa i 1977.

Skavøypoll Idrettslag i Vågsøy vart skipa i 1978.

Idrettslaget Fanaråk i Luster vart skipa i 1979 etter samanslåing av Fortun Idrettslag og Skjolden Idrettslag.

Kyrkjebø Idrettslag vart skipa i 1981 etter å ha vore ei undergruppe under IL Høyang.

Breimsbygda Friidrettslag vart skipa i 1982, og gjekk inn i Breimsbygda Idrettslag i 1989. Friidrettsfolket i kommunen gjekk i 1990 inn i Gloppen Friidrettslag. Breimsbygda IL var medarrangør for Byrkjelo Games 1993–1998.

Gaular Idrettslag vart skipa i 1986 ved samanslåing av Bygstad Idrettslag og Sande Idrettslag.

Sogn Friidrettsklubb vart skipa i 1988 og lagt ned i 1991.

Breimsbygda Idrettslag vart skipa i 1989 ved at Breim Idrettslag, Indre Breim Idrettslag (IBIL) og Breimsbygda friidrett slo seg saman.

Gloppen friidrettslag vart skipa i 1990. I 1988 melde friidrettsutøvarar frå STIL, Fjellhug/Vereide seg inn i Breimbygda Friidrettslag, skipa 1982. Dette vart seinare omgjort til Gloppen Friidrettslag som organiserer friidretten i heile Gloppen kommune.


Sist oppdatert: 11.06.2015