Hopp til innhold

Ivar Aasen-instituttet

Ivar Aasen-instituttet, forskingsinstitutt med nynorsk skriftkultur som spisskompetanse. Dette er forskingsdelen av verksemda ved Ivar Aasen-tunet.

Ivar Aasen-instituttet blei oppretta som ein del av arbeidet med å etablere Ivar Aasen-tunet. Av politiske og praktiske grunnar blei forskingsdelen av det som blei planlagt som Ivar Aasen-tunet, skilt ut som Ivar Aasen-instituttet. Dette forskingsinstituttet er knytt til Høgskulen i Volda, med knutepunktfunksjon for nynorsk skriftkultur i det som før heitte Noregsnettet, tildelt frå Kyrkje- og undervisningsdepartementet 23. juni 1995.
 
Den første faste tilsetjinga blei gjord i 2000. Instituttet opna hausten 2002 eit hovudfag i nynorsk skriftkultur, som året etter blei omgjort til eit toårig masterstudium. Den første masterstudenten blei uteksaminert sommaren 2004.
 
Hausten 2003 sette instituttet i gang det første større forskingsprosjektet. Den sentrale delen av dette tverrfaglege prosjektet, «Det opne språket», er tre doktorgradsstipendiat der stipendiatane skriv historia til nynorsk skriftkultur 1739–2005. Éi avhandling blei levert våren 2008, og ei anna blei levert våren 2009.
 
Frå 2000 har Stephen J. Walton og Jan Inge Sørbø skifta på å vere instituttleiarar. Odd Monsson var instituttleiar frå 2008 til september 2010. Frå hausten 2010 er Stephen J. Walton attende som leiar for instituttet. Ivar Aasen-instituttet er medlem i Nynorsk Forum.
 
Kjelder
Ottar Grepstad: Viljen til språk. Ei nynorsk kulturhistorie. Oslo 2006

Først publisert: 04.09.2009
Sist oppdatert: 10.05.2013