Hopp til innhold

Ivar Aasen-selskapet

Ivar Aasen-selskapet, selskap som har til oppgåve å gi ut etterlatne manuskript etter Ivar Aasen og avhandlingar om Aasen og verket hans.

Ivar Aasen-selskapet vart skipa 10. mars 1991. Initiativtakarar var Jarle Bondevik og Oddvar Nes ved Nordisk institutt, Universitetet i Bergen, og Terje Aarset, Høgskulen i Volda. Formålet med selskapet er å gi ut etterlatne manuskript etter Ivar Aasen (serie A) og avhandlingar om Aasen og verket hans (serie B).
I oktober 2006 kom det siste av dei ti banda med etterlatne manuskript:
Sunnmørsgrammatikkane av Ivar Aasen (1992)
Målsamlingar frå Sunnmøre av Ivar Aasen (1994)
Målsamlingar frå Bergens Stift av Ivar Aasen (1995)
Målsamlingar frå Christiansands og Agershuus Stifter av Ivar Aasen (1997)
Målsamlingar frå Trondhjems og Tromsø Stifter av Ivar Aasen (1998)
Målsamlingar 1851–1854 av Ivar Aasen (1999)
Dansk-norsk Ordbog av Ivar Aasen (2000)
Målsamlingar 1855–1861 av Ivar Aasen (2001)
Målsamlingar 1862–1883 av Ivar Aasen (2002)
Namnesamlingar av Ivar Aasen (2006)
Av avhandlingar har det kome eitt band, Ivar Aasen-studiar 1 (1998). Det er første gongen manuskripta til Ivar Aasen er lagde fram i vitskaplege utgåver. Noregs forskingsråd, Universitetet i Bergen og Høgskulen i Volda har støtta prosjektet økonomisk. Skriftene er redigerte av Bondevik, Nes og Aarset og er gitt ut på Norsk Bokreidingslag.
Kjelder
Eli Kristine Korsmo: «Følgde Aasens målsamlingar i 15 år», På Høyden 10.1.2007
Kjell Venås: «Målgranskaren Ivar Aasen. Tekster av Ivar Aasen i eit verk på ti band», Maal og Minne nr. 1, 2007
Einar Ådland: «Femten år med Ivar Aasen», Dag og Tid 23.2.2007
Ivar Aasen-selskapet – ein presentasjon: http://www2.hivolda.no/ahf/aasens.html [lesedato 19.12.2011]
Peikarar

Først publisert: 19.12.2011
Sist oppdatert: 15.08.2013