Hopp til innhold

Ivar Aasen-tunet

Ivar Aasen-tunet i Ørsta er eit nasjonalt dokumentasjons- og opplevingssenter for nynorsk skriftkultur. Dette er det eldste personmuseet i landet, einaste språkmuseet i Norden og er det språkmuseet i verda med lengst historie. I Ivar Aasen-tunet kan ein mellom anna sjå Ivar Aasen sine skrivesaker, høyre europeisk litteratur på originalspråket og møte tunkatt og ordspion Lurivar, som har eigen bokhems.

Ivar Aasen-tunet vart opna av statsråd Ellen Horn 22. juni 2000. Bygget er teikna av arkitekt Sverre Fehn (1924–2009) og er reist på Ivar Aasen (1813–1896) sin fødestad, garden Åsen i Hovdebygda i Ørsta. Bygget er oppført i kvit armert betong og fekk tildelt Betongtavla for framifrå byggjekunst i betong i 2000 og A.C. Houens Fonds diplom for framifrå arkitektur i 2008.

Museet inneheld arven etter Ivar Aasen. Denne samlinga av bøker og gjenstandar utgjer hovudutstillinga i senteret og er utforma i samarbeid mellom arkitekten og utstillingsprodusenten. I tillegg finn vi utstillingar som fortel om utviklinga av nynorsken og utstillingar om språk og kultur verda rundt, tilpassa både born og vaksne.

(Artikkelen held fram under bildekarusellen)

galleri


Ivar Aasen-tunet har røter attende til 1898, då familien opna det første Ivar Aasen-museet i eit trehus som vart flytta til garden. I 1946 tok museet i bruk eit nybygg i stein, og drifta vart etter kvart overteken av Sunnmøre Museum. I 2000 vart museet ein del av det nye dokumentasjons- og opplevingssenteret.

Steinhuset frå 1946, som dei siste åra blitt brukt som galleri, husar i dag kontor. Uteamfiet har vore samlingsplass for ulike arrangement i over hundre år, og senteret står i dag bak eit breitt og variert kulturprogram året rundt og festivalen Dei nynorske festspela i juni kvart år.

Senteret husar bibliotek og arkiv med skjønn- og faglitteratur på og om nynorsk, og fleire aviser og tidsskrift. Biblioteket er ope for publikum.

Ivar Aasen-tunet er ei avdeling i Nynorsk kultursentrum, som i tillegg eig og driv avdelingane Olav H. Hauge-senteret i Ulvik, Allkunne i Ørsta og Vinje-senteret i Vinje, som er under etablering. Allkunne har sidan 2010 hatt kontor i Ivar Aasen-tunet. Konstituert dagleg leiar i Ivar Aasen-tunet er Anders Aanes, som tok over etter Gaute Øvereng. Tone Slenes er tilsett som dagleg leiar frå 1.8.2019.

galleri


Kjelder

Nils Georg Brekke ofl.: Norsk arkitekturhistorie. Oslo 2003

Ottar Grepstad: Viljen til språk. Ei nynorsk kulturhistorie. Oslo 2006

Arne Gunnarsjaa: Arkitekturguide for Norge. Oslo 2002

Nettsidene til Ivar-Aasen-tunet: www.aasentunet.no [lesedato 31.8.2015]

Peikarar

Nettstaden til Ivar Aasen-tunet

Først publisert: 22.06.2017
Sist oppdatert: 06.05.2019