Hopp til innhold
Kringkastingsringen sin logo.
Kringkastingsringen sin logo.
X
Innhald

Kringkastingsringen

Kringkastingsringen, medlemsorganisasjon for nynorsk i radio og fjernsyn.

Kringkastingsringen blei skipa 1. desember 1955 for å fremje nynorsk i radio og fjernsyn. Magne Rommetveit var dagleg leiar og ei særs drivande kraft i åra 1955–69.
 
Offisielt var Kringkastingsringen ei motvekt mot Norsk Lytterforening, som Riksmålsforbundet hadde fått i gang våren 1955. I røynda blei «Ringen» også eit organisert uttrykk for motsetnader innanfor Noregs Mållag, og i åra fram til 1965 tok organisasjonen på seg mange av dei oppgåvene eit handlingslamma mållag ikkje greidde med.
 
Særleg viktig var det arbeidet Kringkastingsringen utførte for å skaffe nynorskbrukarar til NRK i 1960-åra. Den største triumfen var å få gjennomslag i Stortinget tidleg i 1970-åra for at NRK skulle byggje ut distriktskontor.
 
Kringkastingsringen har delt ut Kringkastingsprisen kvart år sidan 1978.
 
Organisasjonen hadde i 2007 nær 1200 medlemmer. Kringkastingsringen er medlem i Nynorsk Forum.
 
Kjelder
Ottar Grepstad: Viljen til språk. Ei nynorsk kulturhistorie. Oslo 2006

Først publisert: 16.06.2009
Sist oppdatert: 28.04.2016