Hopp til innhold
NRK-utanriksreporter Eivind Molde tek imot prisen for 2020, saman med juryleiar Solveig Barstad. Pressefoto: Karoline Riise Kristiansen, NRK.
NRK-utanriksreporter Eivind Molde tek imot prisen for 2020, saman med juryleiar Solveig Barstad. Pressefoto: Karoline Riise Kristiansen, NRK.
X
Innhald

Kulturdepartementet sin nynorskpris for journalistar

Kulturdepartementet sin nynorskpris for journalistar, ofte kalla nynorskprisen for journalistar, er ein mediepris som blir delt ut til journalistar som nyttar nynorsk.

Kulturdepartementet sin nynorskpris for journalistar blei oppretta i 2004 i samband med opninga av Nynorsk mediesenter og delt ut første gongen i 2006.

Føremålet med prisen er å fremje bruk av nynorsk i media. Prisen blir delt ut årleg til ein journalist som har utmerkt seg med å bruke levande og god nynorsk i media, og som har gitt nynorsk status eller innpass på nye område.

Juryen for Kulturdepartementet sin nynorskpris for journalistar blir oppnemnd av Kulturdepartementet. NRK Nynorsk mediesenter er sekretariat for prisen, som blir delt ut kvart år under Dei nynorske festspela.

Prisvinnaren får eit norsk kunstverk og ei pengegåve.

 

Vinnarar av Kulturdepartementet sin nynorskpris for journalistar

2020 Eivind Molde

2019 Kjersti Mjør

2018 Harald Thingnes

2017 Jens Kihl og Guri Kulås

2016 Jon Hustad

2015 Jan Zahl

2014 Ingunn Solheim

2013 Christian Wiik Gjerde

2012 Katrine Sele og Hilde Sandvik

2011 Njord V. Svendsen

2010 Astrid Brekken

2009 Ronny Brede Aase

2008 Odd Reidar Solem

2007 Kjell-Erik Kallset

2006 Linda Eide

Kjelder

NRK Nynorsk mediesenter: «Nynorskprisen for journalistar», nynorskmediesenter.no: https://nynorskmediesenter.no/framsida/nynorskprisen/ [lesedato 27.2.2020]

NRK Nynorsk mediesenter, årsrapportar for Kulturdepartementet sin nynorskpris for journalistar 2006–2018, nynorskmediesenter.no: https://nynorskmediesenter.no/framsida/arsrapportar/  [lesedato 27.2.2020]

NRK Nynorsk mediesenter: «Statuttar for prisen», nynorskmediesenter.no: https://nynorskmediesenter.no/framsida/nynorskprisen/foremalet-med-prisen/ [lesedato 14.2.2020]

 

Peikarar

Informasjon om Nynorskprisen for journalistar hos NRK Nynorsk mediesenter, nynorskmediesenter.no

Først publisert: 05.06.2020
Sist oppdatert: 14.10.2020