Landsgymnas
Det første statlege landsgymnaset opna på Voss i 1916, deretter kom Eidsvoll og Hornnes i 1922. Før andre verdskrigen vart det skipa fleire private landsgymnas: Volda (1910), Firda (1922), Orkdal (1923), Rogaland, seinare Bryne (1924) og Steinkjer (1932). Alle dei fem private landsgymnasa vart statlege etter krigen. Fire nye landsgymnas vart skipa i 1940-åra: Vinstra (1946), Finnfjordbotn (1946), Bø i Telemark (1947/1954) og Alta (1948).
Landsgymnas
Av /Store norske leksikon.
Lisens: CC BY NC SA 3.0

Landsgymnas var ein skuleform i Noreg som eksisterte mellom 1916 og 1964. Landsgymnasa vart oppretta for å gjere det lettare for bygdeungdom å ta examen artium. Landsgymnasa var eit viktig skule- og kulturpolitisk element i nasjonsbygginga i Noreg. Ved å problematisere og justere den skeive sosiale og geografiske rekrutteringa til utdanningseliten, medverka landsgymnaset til å endre premissane for kven som hadde rett til å definere «det norske».

Før lovendringa om landsgymnaset kom i 1914, måtte ein ha middelskuleeksamen for å få opptak til gymnasa. Slike skular fanst stort sett i byane, noko som gjorde vegen til examen artium dyr og tungvint for landsungdom. Landsgymnasa gjorde det mogleg å ta gymnaset på fire år, bygd på sjuårig folkeskule, ein kortvarig framhaldsskule og ei opptaksprøve.

Det første statlege landsgymnaset opna på Voss i 1916, deretter kom Eidsvoll og Hornnes i 1922. Før andre verdskrigen vart det skipa fleire private landsgymnas: Volda (1910), Firda (1922), Orkdal (1923), Rogaland, seinare Bryne (1924) og Steinkjer (1932). Alle dei fem private landsgymnasa vart statlege etter krigen. Fire nye landsgymnas vart skipa i 1940-åra: Vinstra (1946), Finnfjordbotn (1946), Bø i Telemark (1947/1954) og Alta (1948).

Trongen for fireårige gymnas vart mindre med den sterke utbygginga av realskular i etterkrigstida. Realskulen avløyste middelskulen, og det normale løpet vart etter kvart sjuårig folkeskule, to- eller treårig realskule og treårig gymnas. Då alle dei tolv landsgymnasa vart fylkeskommunale i 1964, var ordninga såleis gått ut på dato. Hornnes heldt fram lengst, heilt til 1975.

Utdanning var målsak

Landsgymnasa hadde opphavet sitt i målrørsla, som frå starten såg på skule og utdanning som eit nøkkelfelt i samfunnet. Alt i 1900 vart det i landsmålsavisa Den 17de Mai sett fram eit krav om «studentskular for bondegutar». Artikkelen aktualiserer både individualpsykologiske, sosiale og nasjonale sider ved målreisinga i den kvasse kritikken av skulestellet. Skulen går ut på å «tyna maalet for bondeguten» og verkar til å framandgjere han i sitt eige land.

I 1906 sette Arne Garborg saka på dagsorden att, gjennom det kraftfulle foredraget «Norske Embættsmenner». Det nyskipa Noregs Mållag reiste også krav om eit rom for landsmålet i høgre utdanning, mellom anna gjennom lettare tilgang til examen artium for landsungdom.

Det avgjerande tildrivet bak landsgymnaset kom likevel frå Noregs Ungdomslag. I eit brev til Kyrkje- og undervisningsdepartementet i 1910 kravde dei skiping av ein ny gymnastype, der landsungdom utan middelskule kunne verte tekne opp og ta artium på fire år. Gjennom vedvarande press og strategiske alliansar med sympatisørar i andre parti sytte Venstre for at Stortinget vedtok lovendringa i 1914.

Eliteskular

I den 50-årsperioden landsgymnaset eksisterte, tok tusenvis av ungdommar examen artium her. Landsgymnasa gjorde høgre utdanning tilgjengeleg for langt fleire enn før, og artianarane frå landsgymnaset skulle snart vise seg å vere på høgd med dei som kom frå heimar med tradisjon for utdanning i fleire generasjonar.

Ei undersøking av dei nær 2000 elevane som tok eksamen artium ved landsgymnasa i perioden 1935–1940, viser at halvparten av landsgymnasiastane gjekk vidare til universitet og vitskaplege høgskular, det same nivået som ved Oslo katedralskule. Særleg galdt dette gutar med realartium. For desse vart ingeniørstudiet det mest populære. Men legar, veterinærar og tannlegar med landsgymnasbakgrunn vart det også mange av, og sjølvsagt lektorar og lærarar i hopetal.

Landsgymnasa fekk etter kvart rykte på seg for å vere eliteskular som konkurrerte både med kvarandre og med andre gymnas om å produsere flest mogleg preseteristar (kandidatar med toppkarakter i alle fag). Slik sett fungerte landsgymnasa som utvalsskular for dei få og flinke.

Norskdom, målsak og klassereise

Den særeigne kulturprofilen må likevel ikkje gløymast. Norskdom og målsak var heile tida eit sentralt aspekt ved landsgymnasa, noko som ikkje minst kom til uttrykk gjennom det livlege organisasjonslivet ved skulane. Dei mange idealistiske og engasjerte gymnaslektorane var også viktige målideologiske påverknadskjelder. Mest alle som sokna til landsgymnasa – både lærarar og elevar – hadde bygdebakgrunn. Svært mange var dessutan den første med artium og universitetsutdanning i sin familie.

Landsgymnasa medverka såleis til aukande sosial mobilitet her i landet. Landsgymnasiastane hadde ein annan geografisk, sosial og kulturell bakgrunn enn majoriteten av universitetsstuderande, dei var klassereisande. Det prega dei, og det kom i større skala til å prege det norske samfunnet i utdanningseksplosjonen si tid.

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Forr, Gudleiv og Vold, Helge (red.): Landsgymnaset, 2007

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg