Hopp til innhold
X
Innhald

Landslaget for språklig samling

Landslaget for språklig samling, språkorganisasjon som arbeider for eitt samlande norsk skriftspråk, bygd på folkemåla i bygd og by.

Landslaget for språklig samling (LSS) vart skipa i 1959. Laget har til føremål å arbeide for språkleg samling ved å gi det folkelege talemålet i landet sosial og kulturell oppreising og å arbeide for eitt samlande norsk skriftspråk, bygd på folkemåla i bygd og by.

Frå 1960 til 2010 gav LSS ut bladet Språklig Samling. Bladet vart avløyst av ei årbok som kom ut i åra 2011 til 2014.

I 1966 gav laget ut Framlegg til samlenormal og i 1986 Å skrive radikalt bokmål. I 1979 kom jubileumsskriftet Språklig samling på folkemåls grunn og i 2009 Femti år for folkemålet, begge artikkelsamlingar frå medlemsbladet. Frå 1997 har LSS hatt eigne nettsider. LSS var representert med to medlemer i Norsk språkråd, ein for bokmål og ein for nynorsk.

Tidleg i 1960-åra hadde LSS ca. 3000 medlemer. Seinare gjekk talet nedover. I 1968 var det rundt 700 betalande medlemer, i 1975 om lag 400, i 2008 litt over 200. I 2017 var det 110 betalande medlemmer . Bladet Språklig Samling hadde i 2008 knapt 900 mottakarar, av dei 584 gratisabonnentar

Frå 1963 har laget delt ut Språklig samlings litteraturpris. Prisen vert gitt til forfattarar som først og fremst viser litterær kvalitet, men som i forfattarskapen òg medverkar til vørdnad for språkformer som peiker fram mot eit felles norsk skriftspråk.

Leiar for LSS i 2017 er Hans-Christian Holm, nestleiar Arne Torp og sekretær Eric Papazian.

Kjelder

Framlegg til samlenormal. Landslaget for språklig samling, Oslo 1966

Pål Styrk Hansen ofl. (red.): Femti år for folkemålet. Oslo 2009

Lars Vikør og Geirr Wiggen (red.): Språklig samling på folkemåls grunn. Oslo 1979

Å skrive radikalt bokmål. Landslaget for språklig samling, Oslo 1986

Peikarar

Nettstaden til Landslaget for språklig samling

Først publisert: 10.10.2011
Sist oppdatert: 19.02.2018