Hopp til innhold
X
Innhald

Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK)

Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK), landsdekkjande medlemsorganisasjon for kommunar og kommunale føretak.

LNK blei skipa på Bryne 18. juni 1993 av utsendingar frå 86 kommunar for å styrkje språkpolitikken i stat og kommunar. Bakgrunnen for skipinga var at Statskonsult ved eit høve i 1990 hadde sagt at dei såg på lov om målbruk i offentleg teneste som ein raritet. På ein konferanse våren 1991 tok Sigve Gramstad, som då var kultursjef i Bergen, difor til orde for å skipe eit nettverk for kommunane som hadde nynorsk som tenestemål.
 
I 2012 hadde organisasjonen 120 kommunar, fylkeskommunar og interkommunale føretak som medlemer. LNK er medlem i Nynorsk Forum.
 
Ordførar Nils G. Taklo frå Ørsta var leiar i LNK heile det første tiåret, før Jan Magne Dahle, også han frå Ørsta, tok over styreleiarvervet i 2003. I 2011 vart Astrid Myran Aarvik vald til ny styreleiar. Kari Bjørke var dagleg leiar dei første åra, fram til Vidar Høviskeland tok over i 1998.
 
Kjelder
Ottar Grepstad: Viljen til språk. Ei nynorsk kulturhistorie. Oslo 2006
 
Peikarar

Først publisert: 16.06.2009
Sist oppdatert: 04.05.2013