Fana til Maallaget Heimhug
Fana til Maallaget Heimhug
Av .

Mållaget Heimhug var eit mållag ved Tromsø Seminarium skipa i 1898. Det var eit av dei første studentmållaga i Noreg. I dag finst Studentmållaget i Tromsø ved UiT Noregs arktiske universitet.

Mållaget Heimhug vart skipa 17. april 1898. Initiativet tok nordhordlendingen Olav Eide, målselvingen Johan Rydningen og sogningen Nils Hyllestad. Olav Eide, som seinare vart pressemann, var første leiaren. Føremålet til laget var «å stydja og utvida kjennskapen til dei norske bygdemåla og til landsmålet i det heile og styrkja hugmåli til alt heimleg og nasjonalt.»

Namnet «Heimhug» tok laget frå Anders Hovdens diktsamling, som hadde kome ut eit par år tidlegare. Bladet til laget, Lauvsprett, var først handskrive og vart opplese på lagsmøta. Frå 1907 til 1914 vart det prenta som eit blad for målfolk i Nord-Noreg, utgitt i samarbeid med Troms ungdomsfylking. På lærarskulen heldt det etter 1914 fram som handskrive blad, og i Harstad vart det frå desember 1915 ført vidare som eit nynorsk ungdomsblad for Nord-Noreg under namnet Midnattsol med undertittelen Lauvsprett. Det vart etter kvart organ for Noregs Ungdomslag.

Heimhug hadde dei første tiåra møte annankvar søndag. På møta var det opplesing frå landsmålsskrifter, musikk og ordskifte, etter kvart òg foredrag. Laget arbeidde elles for innkjøp og spreiing av landsmålslitteratur ved skulen. I 1918 fekk Heimhug med hjelp frå andre elevlag gjennomført at elevar ved lærarskulane skulle kunne få vitnemållandsmål. Same året gjekk laget for første gongen under eiga fane i borgartoget i Tromsø 17. mai. Seinare, eit år då fana til skulen var i ustand, gjekk heile lærarskulen under fana til Heimhug. Laget var elles godt kjent både i og utanfor byen.

Dei første ti åra låg medlemstalet mellom 40 og 63, i 1909–1918 var ytterpunkta 38 og 84, og i 1919–1923 hadde laget mellom 78 og 114 medlemmer. Frå 1935 låg lage nede. Det vart skipa på nytt i 1946 og nådde opp i 62 medlemmer i 1949. Men medlemstalet gjekk tilbake i byrjinga av 1950-åra. Møteboka går fram til 1958, då det ser ut til at laget gjekk i oppløysing eller vart lagt ned. Laget vart oppattskipa hausten 1978.

Heimhug og Vefsn mållag var dei første mållaga i Nord-Noreg, båe skipa i 1898. Heimhug var òg eit av dei første studentmållaga. Tidleg i 1870-åra fanst det eit elevmållag ved seminariet i Asker, men seinare høyrer ein ikkje meir til det. Det første levedyktige elevmållaget var Maalvinarlaget ved seminariet på Stord, som var skipa i 1877.

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Olaf Almenningen mfl. (red.): Målreising i 75 år. Noregs Mållag 1906–1981. Oslo 1981Arthur Brox (red.): Mållaget «Heimhug». Troms lærarskule. Festskrift utgjeve av laget til 25 årshøgtida. Tromsø 1923
  • Tove Bull og Kjellaug Jetne (red.): Nordnorsk. Oslo 1982
  • Trygve Eidsnes mfl. (red.): Mållaget «Heimhug» ved Tromsø lærarskule 1898–1948. Festskrift utgjeve av laget til 50-årshøgtida. Tromsø 1948
  • Roger Lockertsen: Målreising i Nord-Noreg 1898–1940. Organisering av målstriden og striden for skolemålet. Hovudoppgåve. Universitetet i Tromsø 1984
  • Bjørnar Østgård: «Tromsø mållag 1954–2004». Notat 9.12.2004

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg