Målvinarlaget var eit mållag skipa i 1877 ved lærarskulen på Stord. Det sovna inn vel 100 år seinare og vart det eldste elevmållaget i landet.

Faktaboks

Også kjend som

Maalvinarlaget

Maalvinarlaget ved seminariet på Stord vart skipa i januar 1877. Det var det første levedyktige elevmållaget i landet. Alt frå slutten av 1860-åra hadde det teke til å vekse fram landsmålsmiljø ved somme av lærarseminaria. Og både ved seminariet på Stord og ved seminariet i Asker vart det skipa mållag rundt 1872, men desse laga voks ikkje opp.

I dei første åra var møta til Maalvinarlaget (målvenelaget) arbeidsmøte der medlemene lærde kvarandre landsmål. Laget bygde opp si eiga boksamling, hadde sitt eige handskrive blad, Maalvinen, arbeidde for landsmål som undervisningsemne ved seminaria og kravde vitnemål på landsmål.

Frå starten og like ut i 1940-åra var innkjøp og utlån av bøker på nynorsk ein sentral del av verksemda. Boklista omfatta på det meste 415 titlar. Etter andre verdskrigen var 1960-åra ein særleg aktiv periode, deretter vart det stillare. Mållaget vart over 100 år gamalt. Det markerte jubileet i 1977, men sovna så etter kvart inn.

Etter skipinga av Maalvinarlaget i 1877 kom det andre seminariemållag til. I 1878 stifta elevar ved seminariet i Kristiansand Maalreisningssamlaget, og både Maalvinarlaget og Maalreisningssamlaget var medlemer i Det Norske Samlaget. I 1888 vart det meldt om eit mållag ved seminariet i Asker, og i 1890-åra vart det starta lag ved seminaria i Elverum, Volda, Levanger og Tromsø.

Opphavet

Oddmund Jakobsen Vik var første formannen i Maalvinarlaget på Stord. Han hadde lært landsmål på barneskulen i Kvam av læraren Olav Tveit. 32 elevar melde seg inn då laget vart skipa. Målstrid var forbode på seminariet, skulestyraren og lærarane såg ikkje med godhug på saka, og dei første møta måtte haldast utanom skulen. Litt seinare fekk laget bruke eit skulerom, men saklista måtte godkjennast av skulestyraren.

To gonger før 1877 var det teke initiativ for å skipe mållag ved seminariet på Stord. Begge initiativa kom frå hardingar som seinare vart landskjende: først Olav Lofthus, som i 1867 møtte sterk motstand og bibelord frå skulestyraren, så Nils Skaar, som kring 1870 fekk skipa eit lite lag som fall saman då han drog frå skulen. Med i dette laget var folk som Oddmund Ljone, Per Riste, Rasmus Flo og Olav Sande.

Namnet Maalvinarlaget kom frå ein song som Nils Skaar hadde skrive: «Atter samlast vi maalviner saman, atter Maalvinarlaget er sett.»

Eit arbeidslag

Maalvinarlaget av 1877 vart det eldste elevmållaget i landet. Det hadde både rike og magre år. Den første tida var det eit arbeidslag der folk lærde kvarandre å lese og skrive landsmål. I den tidlege lagssoga finn vi namn som Jens Tvedt, Lasse Trædal, Jon Line, Andres Bergo, Rasmus Stauri, Lars Eskeland, Severin Eskeland og Søren Nordeide. Laget hadde eit handskrive blad, Maalvinen, det kjøpte inn landsmålsbøker, tinga «Fedraheimen» og «Dag», og skapte slik etter kvart ei boksamling. 620 elevar var innom laget dei første 20 åra.

Vinteren 1886–1887 sende laget søknad til regjeringa om at landsmål skulle vere opplæringsemne ved lærarskulane. Landsmål var då teke i bruk i skulen i fleire kommunar. Kyrkjestatsråd Jakob Sverdrup svara at det ville bli teke rimeleg omsyn til oppmodinga i dei nye skulelovene. I 1890 fekk landsmålet plass i opplæringa i norsk ved seminaria, og ved eit departementalt rundskriv i 1895 fekk seminaristane høve til å skrive eksamensstil på landsmål. Men først i 1902 kom lova som fastsette at det skulle vere skriftleg prøve i begge mål ved lærarskulane.

Alt i 1885–1886 hadde det hendt at elevar ved seminariet skreiv stil på landsmålet, men stilane vart ikkje retta. I 1893–1894 freista Søren Nordeide og ein annan elev seg med det same, også dei stilane kom uretta tilbake. Seinare gjekk det betre.

På Severin Eskelands tid, 1897–1900, var dei fleste elevane med i laget, mange skreiv stil på landsmål, og bladet Maalvinen blomstra. Lærarane vart òg meir positive. Ved 20-årsfesten i 1897 helsa jamvel skulestyraren laget med ein tale og ropa «leve!» for «de norske radikalere». 20 år seinare, i 1917, vart den gamle målvenen Eskeland sjølv rektor ved lærarskulen. Også andre som hadde vore med i laget, vart lærarar der.

Rike år, og magre

I 1918 støtta Maalvinarlaget oppmodinga til styresmaktene frå elevmållaget Heimhug i Tromsø om vitnemål ved lærarskulane på landsmål. Den første kvinnelege leiaren fekk laget i 1919. Då tok Åslaug Knutsen (seinare Strømmen) frå Sogn over, og Signy Selvåg vart nestleiar. Den første «byformannen» fekk laget i skuleåret 1926–1927, ved bergensaren Adolf Elgås. Nestleiar var Borgny Krogh frå Stavanger.

Laget heldt arbeidet ved like i 1930-åra. Etter magre år på 1940-talet tok arbeidet seg opp att det neste tiåret, og 1960-åra var ein svært aktiv periode. På 1970-talet gjekk det tyngre, men laget mobiliserte medlemene til ei større markering av 100-årsjubileet i 1977. Etter den tid var det lite aktivitet, og laget sovna inn. Det var det eldste lokallaget i Noregs Mållag.

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Almenningen, Olaf med fleire (red.) (1981): Målreising i 75 år. Noregs Mållag 1906–1981, Oslo
  • Bjørnøy, Olav med fleire (red.): Lærarutdanning i 150 år. Stord lærarhøgskule 1838–1989, [Rommetveit 1989]
  • Eskeland, Severin (1972): «Målvinarlaget 75 år». I Arnfinn Haga med fleire (red.): Severin Eskeland. Vestlandske Mållag, Bergen
  • Fedraheimen 25. januar 1879, 15. mars 1884, 30. august 1884, 8. november 1884
  • Ferdamannen 2. februar 1867, 2. mars 1867, 16. mars 1867, 21. september 1867
  • Haugland. Kjell (1985): Striden om skulespråket. Frå 1860-åra til 1902, Oslo
  • Hausberg, Sverre med fleire (red.): Minneskrift utgjeve i tilføre av 50 års-høgtidi åt mållaget ved Stord lærarskule, [Stord 1927]

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg