Hopp til innhold
X
Innhald

Målvinarlaget

Målvinarlaget, mållag skipa i 1877 ved lærarskulen på Stord. Det sovna inn vel 100 år seinare og vart det eldste elevmållaget i landet.

Maalvinarlaget ved seminaret på Stord vart skipa i januar 1877. Det var det første levedyktige elevmållaget i landet. Alt frå slutten av 1860-åra hadde det teke til å vekse fram landsmålsmiljø ved somme av lærarseminara. Og både ved seminaret på Stord og ved seminaret i Asker vart det skipa mållag rundt 1972, men desse laga voks ikkje opp.
I dei første åra var møta til Maalvinarlaget (målvenelaget) arbeidsmøte der medlemene lærde kvarandre landsmål. Laget bygde opp si eiga boksamling, hadde sitt eige handskrive blad, Maalvinen, arbeidde for landsmål som undervisningsemne ved seminara og kravde vitnemål på landsmål.
Frå starten og like ut i 1940-åra var innkjøp og utlån av bøker på nynorsk ein sentral del av verksemda. Boklista omfatta på det meste 415 titlar. Etter krigen var 1960-åra ein særleg aktiv periode, deretter vart det stillare. Mållaget vart over 100 år gamalt. Det markerte jubileet i 1977, men sovna så etter kvart inn.
Etter skipinga av Maalvinarlaget i 1877 kom det andre seminarmållag til. I 1878 stifta elevar ved seminaret i Kristiansand Maalreisningssamlaget, og både Maalvinarlaget og Maalreisningssamlaget var medlemer i Det Norske Samlaget. I 1888 vart det meldt om eit mållag ved seminaret i Asker, og i 1890-åra vart det starta lag ved seminara i Elverum, Volda, Levanger og Tromsø.
Opphavet
Oddmund Vik var første formannen i Maalvinarlaget på Stord. Han hadde lært landsmål i barneskulen i Kvam av læraren Olav Tveit. 32 elevar melde seg inn då laget vart skipa. Målstrid var forbode på seminaret, skulestyraren og lærarane såg ikkje med godhug på saka, og dei første møta måtte haldast utanom skulen. Litt seinare fekk laget bruke eit skulerom, men saklista måtte godkjennast av skulestyraren.
To gonger før 1877 var det teke initiativ for å skipe mållag ved seminaret på Stord. Begge initiativa kom frå hardingar som seinare vart landskjende: først Olav Lofthus, som i 1867 møtte sterk motstand og bibelord frå skulestyraren, så Nils Skaar, som kring 1870 fekk skipa eit lite lag som fall saman då han drog frå skulen. Med i dette laget var folk som Oddmund Ljone, Per Riste, Rasmus Flo og Olav Sande.
Namnet Maalvinarlaget kom frå ein song som Nils Skaar hadde skrive: «Atter samlast vi maalviner saman, atter Maalvinarlaget er sett.»
Eit arbeidslag
Maalvinarlaget av 1877 vart det eldste elevmållaget i landet. Det hadde rike år, og magre. Den første tida var det eit arbeidslag der folk lærde kvarandre å lese og skrive landsmål. I den tidlege lagssoga finn vi namn som Jens Tvedt, Lasse Trædal, Jon Line, Andres Bergo, Rasmus Stauri, Lars Eskeland, Severin Eskeland og Søren Nordeide. Laget hadde eit handskrive blad, Maalvinen, det kjøpte inn landsmålsbøker, tinga «Fedraheimen» og «Dag», og skapte slik etter kvart ei boksamling. 620 elevar var innom laget dei første 20 åra.
Vinteren 1886–87 sende laget søknad til regjeringa om at landsmål skulle vere opplæringsemne ved lærarskulane. Landsmål var då teke i bruk i skulen i fleire kommunar. Kyrkjestatsråd Jakob Sverdrup svara at det ville bli teke rimeleg omsyn til oppmodinga i dei nye skulelovene. I 1890 fekk landsmålet plass i opplæringa i norsk ved seminara, og ved eit departementalt rundskriv i 1895 fekk seminaristane høve til å skrive eksamensstil på landsmål. Men først i 1902 kom lova som fastsette at det skulle vere skriftleg prøve i begge mål ved lærarskulane.
Alt i 1885–86 hadde det hendt at elevar ved seminaret skreiv stil på landsmålet, men retta vart stilane ikkje. I 1893–94 freista Søren Nordeide og ein annan elev seg med det same, også dei stilane kom uretta tilbake. Seinare gjekk det betre.
På Severin Eskelands tid, 1897–1900, var dei fleste elevane med i laget, mange skreiv stil på landsmål, og bladet Maalvinen blomstra. Lærarane vart òg meir positive. Ved 20-årsfesten i 1897 helsa jamvel skulestyraren laget med ein tale og ropa «leve!» for «de norske radikalere». 20 år seinare, i 1917, vart den gamle målvenen Eskeland sjølv rektor ved lærarskulen. Også andre som hadde vore med i laget, vart lærarar der.
Rike år, og magre
I 1918 støtta Maalvinarlaget oppmodinga til styresmaktene frå elevmållaget Heimhug i Tromsø om vitnemål ved lærarskulane på landsmål. Den første kvinnelege leiaren fekk laget i 1919. Då tok Åslaug Knutsen (seinare Strømmen) frå Sogn over, og Signy Selvåg vart nestleiar. Den første «byformannen» fekk laget i skuleåret 1926–27, ved bergensaren Adolf Elgås. Nestleiar var Stavanger-kvinna Borgny Krogh.
Laget heldt arbeidet ved like i 1930-åra. Etter magre år på 1940-talet tok arbeidet seg opp att det neste tiåret, og 1960-åra var ein svært aktiv periode. På 1970-talet gjekk det tyngre, men laget mobiliserte medlemene til ei større markering av 100-årsjubileet i 1977. Etter den tid var det lite aktivitet, og laget sovna inn. Det var det eldste lokallaget i Noregs Mållag.
Kjelder
Olaf Almenningen mfl. (red.): Målreising i 75 år. Noregs Mållag 1906–1981. Oslo 1981
Olav Bjørnøy mfl. (red.): Lærarutdanning i 150 år. Stord lærarhøgskule 1838–1989. [Rommetveit 1989]
Severin Eskeland: «Målvinarlaget 75 år». I Arnfinn Haga mfl. (red.): Severin Eskeland. Vestlandske Mållag. Bergen 1972
Fedraheimen 25.1.1879, 15.3.1884, 30.8.1884, 8.11.1884
Ferdamannen 2.2. 1867, 2.3. 1867, 16.3.1867, 21.9.1867
Kjell Haugland: Striden om skulespråket. Frå 1860-åra til 1902. Oslo 1985
Sverre Hausberg mfl. (red.): Minneskrift utgjeve i tilføre av 50-årshøgtidi åt mållaget ved Stord lærarskule. [Stord 1927]

Først publisert: 29.05.2012
Sist oppdatert: 13.05.2013