Hopp til innhold
X
Innhald

Nasjonalt senter for nynorsk i opplæringa

Nasjonalt senter for nynorsk i opplæringa, pedagogisk kompetansesenter, oftast kalla Nynorsksenteret.

Nasjonalt senter for nynorsk i opplæringa blei oppretta av fleirtalet i Stortinget 17. juni 2004, etter eit initiativ frå utdannings- og forskingsminister Kristin Clemet, som eit nasjonalt ressurssenter for nynorsk i grunnopplæringa. Dette er den einaste nynorskinstitusjonen som er blittt driven fram ovanfrå, utan at nokon i målrørsla hadde tenkt tanken føreåt.
 
Senteret sorterte frå det vart oppretta 30. mars 2005 til 31. desember 2018 fagleg under Utdanningsdirektoratet, administrativt under Høgskulen i Volda, der institusjonen også held til. Frå 1. januar 2018 er senteret eit institutt under Avdeling for humanistiske fag og lærarutdanning ved Høgskulen i Volda.

Anne Steinsvik Nordal leia senteret frå 2005 og ut 2011. Sidan 2012 har Torgeir Dimmen vore leiar. 

Først publisert: 16.06.2009
Sist oppdatert: 04.05.2018