Hopp til innhold

Noregs Boklag

Noregs Boklag, forlag. Det var dette forlaget som gav ut diktsamlingane av Olav H. Hauge.

Noregs Boklag blei skipa i 1922 av Det Norske Samlaget, Noregs Mållag og Noregs Ungdomslag for å gi ut bøker på landsmål, men det var også ein bokhandel. Drifta blei meir sjølvstendig frå 1927. Då trekte Noregs Mållag seg ut, og Noregs Boklag opna bokhandel i Oslo same året. Frå 1932 var Bondeungdomslaget i Oslo medeigar.
Noregs Boklag gav ut 732 bøker og skrifter inntil drifta blei avvikla i 1984 og Det Norske Samlaget overtok forlagsrettane.
Kjelder
Ottar Grepstad: Viljen til språk. Ei nynorsk kulturhistorie. Oslo 2006
Aud Skipenes: Noregs Boklag. Ei forlagssoge. Skriftserien frå Ivar Aasen-instituttet nr. 19. Volda 2005

Først publisert: 27.10.2011
Sist oppdatert: 10.05.2013