Hopp til innhold

Noregs Mållag

Noregs Mållag, landsdekkjande målpolitisk organisasjon. Dette er den viktigaste nynorske medlemsorganisasjonen.

Noregs Mållag blei skipa 5. februar 1906 etter initiativ frå ei stor gruppe profilerte landsmålsbrukarar for «aa fylka maalmennerne til samarbeid fyr den norske maalreising». Noregs Mållag har både lokale mållag, fylkesmållag og yrkesmållag (til skiftande tider for forretningsfolk, ingeniørar, journalistar, juristar, lærarar, medisinarar og prestar).

Frå 1913 til 1956 hadde organisasjonen felles administrasjon med Noregs Ungdomslag. På det meste, i 1977, hadde organisasjonen om lag 17 700 medlemmer.

Noregs Mållag hadde i 2015 vel 12 000 medlemmer. Magne Aasbrenn har vore leiar frå 2016 og Gro Morken Endresen dagleg leiar frå 2001. Noregs Mållag er medlem i Nynorsk Forum.

Kjelder
Ottar Grepstad: Viljen til språk. Ei nynorsk kulturhistorie. Oslo 2006

Peikarar

Først publisert: 16.06.2009
Sist oppdatert: 05.08.2017