Faktaboks

Noregs Ungdomslag
Organisasjonstype
Forening/lag/innretning
Forretningsadresse
Oslo
Stifta
12.07.1896
Dagleg leiar
Magni Flyum
Styreleiar
Torbjørn Lauen
Logo
Av .

Noregs Ungdomslag er ei landsdekkande samanslutning for ungdomslag i Noreg, starta i 1896.

Bakgrunnen for utviklinga av ungdomslagsrørsla var dei store politiske, sosiale og kulturelle omskifta i Noreg gjennom den andre halvdelen av 1800-talet. Rørsla hadde i byrjinga ein klår brodd mot etablerte maktstrukturar både når det galdt politikk, språk og religion. Ho vart ein markert kulturell eksponent for den norske venstrenasjonalismen, med innføringa av parlamentarismen i 1884 og unionsoppløysinga i 1905 som høgdepunkt.

Ungdomslaga hadde si glanstid parallelt med venstrestaten og lærarane si stordomstid frå slutten av 1800-talet fram til midten av 1900-talet. Etter den andre verdskrigen førte sentralisering, nye kulturimpulsar og nye medium til at rørsla stagnerte og tapte oppslutning. Men Noregs Ungdomslag (NU) og ungdomslaga er framleis ein viktig del av norsk bygde- og motkultur.

Sterkare nasjonalkjensle

Nasjonalismen på 1800-talet

Ivar Aasen (1881)
Portrett av Ivar Aasen (1881). Eit eige norsk nasjonalspråk kom etter kvart til å bli eit hovudmål for ungdomslagsrørsla.
Av /Nynorsk kultursentrum .
Lisens: CC BY NC 4.0

Bakgrunnen for danninga av ungdomslaga låg i dei nye kulturelle straumdraga som breidde om seg på 1800-talet, først og fremst nasjonalismen. Blant dei fremste ideologane for nasjonalismen i Tyskland var diktaren og filosofen Johann Gottfried von Herder (1744–1803). Han hevda at alle menneske hadde ei folkesjel eller folkeånd som gjorde at dei høyrde til eit fellesskap eller ein nasjon, og han framheva språket og folkediktinga som eit viktig uttrykk for dette fellesskapet.

Nasjonalromantikken dyrka bonden som den fremste kulturberaren. Bonden og bondefolket var dei som hadde teke vare på tradisjonane i si mest opphavlege form, og som difor vart symbolet på det nasjonale. Utetter på 1800-talet kom dette stadig sterkare til uttrykk gjennom norsk målarkunst (til dømes målarane Adolph Tidemand og Hans Gude), litteratur (til dømes eventyrsamlingane til Asbjørnsen og Moe, og Bjørnstjerne Bjørnson sine bondeforteljingar) og musikk (til dømes Ole Bull sine folkemusikkinspirerte komposisjonar). I tillegg kom Ivar Aasen si språkforsking med vektlegging av dei norske dialektane. Eit eige norsk nasjonalspråk kom etter kvart til å bli eit hovudmål for ungdomslagsrørsla.

Hamskiftet

Lokomotiv og arbeid med jernbanelinje
Arbeid med jernbanelinje i Oslo i 1854. Perioden frå midten av 1800-talet var ei gjennombrotstid for kommunikasjonsbygginga i Noreg.
Av /Oslo Museum .
Lisens: CC BY SA 4.0

I byrjinga var det først og fremst dei kulturelle elitane som stod for dyrkinga av bondekulturen. Men i andre halvdel av 1800-talet kom det stadig sterkare innslag av ein meir folkeleg kulturnasjonalisme. Menneska i Noreg opplevde på denne tida store økonomiske og sosiale endringar. Samferdsla gjennomgjekk ein revolusjon – jernbaner og dampskip nådde ut til stadig fleire byar og bygder og la grunnlaget for veldige omskifte i varehandel og reiseliv. Jordbruket vart effektivisert – eldgamle gardstun og driftsmåtar vart brotne opp gjennom storstila utskiftingar, og ny kunnskap og nye maskiner vart tekne i bruk. Industrien tok så smått til å vinne innpass, og bondefolket fekk nye arbeidsplassar å gå til. Store folkestraumar gjekk frå bygd til by og frå landet vårt til det nye lova landet på hi sida av havet – Amerika. Alt dette skapte eit sterkt behov for å halde fast på fundamentale verdiar og kulturuttrykk, og denne trongen til å leite fram det opphavlege finn vi att i ungdomslagsrørsla si store satsing på til dømes folkedrakter og folkedans.

Folkeopplysning og folkehøgskular

Grundtvigianismen

Idégrunnlaget for dei første ungdomslaga hadde mykje til felles med tankane som låg bak og vart utbreidde gjennom dei første folkehøgskulane. Den store inspiratoren for desse skulane var den danske teologen og læraren Nikolai Fredrik Severin Grundtvig (1783–1872). Grundtvig var oppteken av å spreie opplysning på folkeleg grunn. Folkeopplysninga skulle omfatte heile folket, ikkje berre eliten, og det viktigaste var kunnskap om det menneskelege, om folkeånda.

Grundtvig sine idear fekk utbreiing i stadig fleire krinsar i Noreg frå 1850-åra og utetter. Prestar og lærarar slutta opp om tankane om folkeopplysning og politisk liberalisme. Ikkje minst ved lærarseminara på Stord og i Klæbu vart dei nye ideane spreidde. Ein av dei ivrigaste misjonærane for grundtvigianismen i Noreg var husmannssonen Ole Vig (1824–1857) frå Stjørdal, som vart lærar, forfattar og redaktør. Gjennom bøker og artiklar ivra Vig for folkeopplysning gjennom oppretting av ein norsk folkehøgskule og små foreiningar med opplysning som føremål.

Folkehøgskular i Noreg

Sagatun folkehøgskule
Sagatun folkehøgskule, bilete frå cirka 1880–1885. Hermann Anker med dottera Ida i forgrunnen. Sagatun på Hamar var den første norske folkehøgskulen, skipa av Hermann Anker og Olaus Arvesen i 1864.
Av /Anno Domkirkeodden.

I 1864 starta Olaus Arvesen og Peder Anker den første norske folkehøgskulen, Sagatun, ved Hamar. Dei hadde begge vore i Danmark og høyrt Grundtvig tale, og dei fekk mykje inspirasjon frå dette. Skulen skulle vere for ungdom mellom 17 og 30 år. Dei la hovudvekta på å lære elevane om norsk historie, språk, folk, natur og næringsvegar, dessutan verdshistorie og «jordbeskrivelse». Song skulle vere ein del av alle timane.

Tre år seinare starta Christopher Bruun (1839–1920) ein folkehøgskule på Romundgard i Sel i Gudbrandsdalen. Skulen skulle vere for vaksen bondeungdom. Han skulle gi ungdomen sunne vanar og lære dei å elske fedrelandet sitt. Det nasjonale var eit uttrykk for det folkelege, meinte Bruun, som la stor vekt på opplæring om den norrøne arven og norsk historie. Ivar Blekastad (1850–1936) var ein av elevane på skulen til Bruun på Romundgard. Han starta laget Mølju vinteren 1869–1870, det som blir rekna som det eldste norske ungdomslaget.

I åra 1864–1874 vart det sett i gang minst 20 frilyndte folkehøgskular kring om i landet. Folkehøgskulerørsla utgjorde eit opprør mot den klassiske danningstradisjonen og mot gammaldags tvang og pugg. Ho var eit uttrykk for noko nytt, både pedagogisk og innhaldsmessig.

Norskdomsrørsla – ei folkerørsle

I 1870 heldt Christopher Bruun ein serie talar i Studentersamfundet i Christiania om den vaknande kulturreisinga. Han talte om ei åndeleg, nasjonal og politisk gjenføding hos nordmennene. Det galdt å skape ein norsk kultur, meinte han, og «norskheden» skulle byggjast opp med norsk bygdeungdom som fortroppar. Norskdomsrørsla – eit felles uttrykk for målrørsla og den frilyndte ungdomsrørsla – skulle sidan kome til å stå sentralt i bygginga av den nye demokratiske nasjonen Noreg.

På same tid dukka det opp ei mengd nye organisasjonar med ulike tilnamn: samtalelag, leselag, arbeidarlag, ynglingeforeiningar og ungdomsforeiningar. Felles for dei fleste var at dei var opne foreiningar med allmenndanning, samfunnsengasjement og debatt som føremål. Dei hadde regelmessige møte der opplesing, diskusjon og bokutlån var faste innslag på programmet. Mange av desse allmenndannande foreiningane var forløparar til dei seinare ungdomslaga og venstreforeiningane.

Lærarane hadde ofte ein sentral posisjon i dei nye foreiningane. Dei hadde vunne auka status gjennom den nye landsskulelova frå 1860. Denne lova stilte krav om betre utdanna lærarar, samtidig som nye fag vart innførte i skulen, mellom anna historie og landkunne. Kristendomsformidling og folkeoppseding vart etter kvart fortrengt av folkeopplysning og allmenndanning i allmugeskulen. Mens prestane ofte stod som representantar for den gamle embetsmannsstaten som tida hadde sprunge ifrå, gjekk mange lærarar inn i rolla som nye åndelege og politiske leiarar i lokalsamfunna. «Venstremann, målmann og avhaldsmann» er stikkord som kunne passe på ei rekkje lærarar i perioden frå rundt 1870 til 1940.

Målsak var venstresak

Målsaka hadde kome stadig meir i framgrunnen etter at Ivar Aasen rundt midten av hundreåret gav ut sine skrifter om landsmålet i Noreg. Aasmund Olavsson Vinje starta bladet Dølen i hovudstaden i 1858. Dette var det første bladet som var skrive på Aasen sitt mål. Nokre år seinare, i 1865, starta Henrik Krohn vekebladet Ferdamannen i Bergen. I 1868 vart dei første foreiningane for målfolket danna – Vestmannalaget i Bergen og Det Norske Samlaget i Christiania.

Målsaka batt saman den kulturelle og den politiske nasjonalismen. Målsak var venstresak, og mot slutten av 1800-talet vann målfolka sak etter sak i Stortinget: vedtak om at undervisninga i barneskulen skulle byggje på talemålet i 1878, vedtak om språkleg jamstelling i 1885 og vedtak om å gi skulestyra rett til å innføre landsmål som skriftleg opplæringsmål i 1892.

Kva innebar det å vere frilyndt?

Den frilyndte ungdomsrørsla stod som motpol til den kristelege ungdomsrørsla og ulike misjonslag. Ofte konkurrerte dei to rørslene om dei same medlemmene. Dei kunne nok ha same syn på fleire saker, som målsak og fråhaldsarbeid, men når det kom til livssynet, var det ofte avgrunnsdjupe motsetnader.

I eigne auge var dei frilyndte framstegsvenlege og tolerante. Dei dreiv folkeopplysning og åndsliv utan sterke autoritetsbindingar, og medlemmene hadde ofte relativt høg fridom i religiøse spørsmål. Dei såg ikkje på seg sjølve som ukristelege, men dei målbar Grundtvig sine ord «menneske først, kristen så» som motto. Men sett frå eit meir pietistisk synspunkt dreiv mange av dei frilyndte laga med aktivitetar som var sett på som syndige – som dans og skodespel – og dei las «fritenkjarbøker». Det hende såleis ikkje reint sjeldan at dei vart skulda for å vere både gudlause og det som verre var.

Men som frilyndt stod ein ikkje berre i opposisjon til religiøse krefter. Uttrykket «frilyndt» innebar også eit politisk innhald – «venstrevridd» eller «radikal» kan stå som brukbare synonymord henta frå seinare språkbruk. Heile perioden frå 1880 til 1905 var ei kamptid mellom venstre- og høgresida i politikken, og ungdomslaga stod ofte langt til venstre. Dei gjekk gjerne i brodden for nye symbolmarkeringar som 17. mai-feiring og bruk av reint norsk flagg, noko som slett ikkje alle i dåtidas Bygde-Noreg var begeistra over.

NU blir starta

Ungdomsstevne i Tylldalen (1902)
Ungdomsstevne i Tylldalen i 1902. Dei eldste eigentlege frilyndte ungdomslaga skriv seg tilbake til omkring 1870. Talet på nye ungdomslag voks heller seint i 1870- og 1880-åra, men i 1890-åra kom det ei bølgje av nye lag. Samstundes kom det i gang større samanslutningar i ulike distrikt og fylke, og i 1896 gjekk dei saman og danna NU.
Av /Anno Musea i Nord-Østerdalen.

Dei eldste eigentlege frilyndte ungdomslaga skriv seg tilbake til omkring 1870. Det før nemnde laget Mølju i Sel i Gudbrandsdalen blir rekna som det aller eldste. Nummer to var Det unges forbund, skipa på Frosta i 1870. Talet på nye ungdomslag voks heller seint i 1870- og 1880-åra, men i 1890-åra kom det ei bølgje av nye lag. Samstundes kom det i gang større samanslutningar i ulike distrikt og fylke, og i 1896 gjekk dei saman og danna NU.

Ungdomslaget Fram i Kristiania spela ei hovudrolle under skipinga av NU. Laget var eit samlingspunkt for yngre, radikale venstrefolk i hovudstaden. Fleire av dei fekk høge posisjonar seinare, som politikaren og historikaren Halvdan Koht og forfattaren Rasmus Løland.

I 1894 vart det første store ungdomsstemnet på Austlandet arrangert på Eidsvoll. Her, på trappa til den symbolmetta Eidsvollsbygningen, vart tanken om både ein samskipnad for dei austlandske ungdomslaga og ein landssamskipnad lufta for første gong. Etter stemnet arbeidde særleg Peter Slotsvik i Eidsberg ungdomslag for å få til ei austlandsk samanslutning. Denne vart danna i februar 1895 i Oslo og tok namnet Eidsiva ungdomslag, med Slotsvik som formann og Anstein Myhr, leiar i Fram, som styremedlem.

Eidsiva hadde frå første stund ein landssamskipnad for ungdomslag frå heile landet på programmet, og dei vende seg til andre fylkeslag i landet med framlegg om dette. På eit møte i Turnhallen i Trondheim 11.–12. juli 1896, der 18 representantar frå 7 fylkeslag hadde møtt fram, vart så Noregs Ungdomslag skipa med Slotsvik som formann og Myhr som skrivar. Organisasjonsnamnet kom den første tida til å veksle mellom «Det norske ungdomslaget» og «Norges Ungdomslag», men vart i 1897 fastsett til «Norigs Ungdomslag». I 1922 vart det så endra til «Noregs Ungdomslag».

Målsaka i NU

Det var ingen sjølvsagd ting at det skulle kome ei slik landssamanslutning av ungdomslag i Noreg. Mange var imot det og meinte at det ville binde opp enkeltlaga på ein uheldig måte. Ei rekkje frilyndte ungdomslag lét difor vere å melde seg inn i NU med det same.

Særleg målsaka verka splittande frå første stund. Kort tid etter skipinga vart føremålsparagrafen i NU endra slik at språkspørsmålet kom med: «Norigs Ungdomslag vil arbeide for folkeleg upplysning paa fullnorsk grunn og for samhald og samyrke millom landsens ungdom.» Det med «fullnorsk grunn» var særskilt problematisk for ein del av ungdomslaga på Austlandet. Til dømes Vestfold Ungdomsforbund, som var eit frilyndt fylkeslag, valde å stå utanfor NU, og årsaka skal ha vore den kompromisslause målpolitikken til NU.

Men leiarskapen i NU tok ikkje omsyn til slike synspunkt. Saman med forfattaren Sven Moren (1871–1938) var Nikolaus Mateus Gjelsvik (1866–1938) ein av dei førande i rørsla dei første tiåra. Gjelsvik var professor i rettsvitskap ved Universitetet i Oslo og ein av dei store målhovdingane. I åra 1912–1915 var han på same tid formann både i Det Norske Samlaget, Noregs Mållag og NU. I 1913 gjekk dei to sistnemnde saman om ein felles skrivar, og i 1918 fekk dei felles skrivarstove.

Ein annan sentral person i NU var Olav Midttun (1883–1972), som var formann i 1919–1926. Også han engasjerte seg på mange frontar i norskdomsrørsla, med verv i Noregs Mållag, Det Norske Samlaget, Det Norske Teatret, Syn og Segn og som riksprogramsjef i NRK frå 1934.

På denne måten vart målrørsla og ungdomsrørsla djupt innfiltra i kvarandre, og det var få som trong tvile på kvar NU stod i språkpolitiske spørsmål. Arbeidet for utbreiing av det norske språket, altså det som frå 1929 heitte nynorsk (tidlegare landsmål), var heilt frå starten ei av merkesakene for NU. Det galdt å få innført nynorsken i biblioteka, skulane, kyrkjene, lovverket og ikkje minst som stadnamn. NU var til dømes blant dei første som byrja å bruke Oslo som namn på hovudstaden. Organisasjonen gjekk også i brodden for å starte eigne landsgymnas for bygdeungdom og tok opp ideen om eit eige norsk (les nynorsk) universitet.

Lagsmøte og lagsaviser

Den viktigaste aktiviteten for dei fleste ungdomslaga var lagsmøta. Eit typisk møte hadde gjerne eit variert program: song, foredrag, spørsmål og svar, folkeviseleik, deklamasjon, diskusjon og opplesing av lagsavis.

Tema for foredrag og diskusjon kunne vere både politiske emne som til dømes målsak og røysterett, men også meir daglegdagse, nære ting som for eksempel røyking og dansing. Planlegging og bygging av forsamlingshus (ungdomshus) var ei sak som engasjerte i mange ungdomslag. Ei anna viktig sak, særleg tidleg på 1900-talet, var skogplanting.

Somme tider var det ein foredragshaldar som innleidde til ordskifte, andre gonger kunne det vere ein framståande medlem av laget. Debattane i ungdomslaget representerte for mange ungdomar det einaste forumet der dei kunne trene seg i talekunst og argumentasjon i organiserte former. Det krev mot å tale i ei forsamling, og ungdomslaga gav medlemmene sine ein sjanse til å lære seg dette ved å øve. Samstundes var lagsmøta ein stad for å høyre andre sine tankar, slik at alle kunne gå heim att frå møte med utvida horisontar.

Som nemnt var opplesing av lagsaviser ein del av programmet på mange lagsmøte. Desse avisene var handskrivne og oftast innskrivne i protokollbøker. Somme ungdomslag hadde eigne bladnemnder til å ta seg av arbeidet med lagsavisene, andre gjorde det slik at redaktøransvaret gjekk på omgang mellom medlemmene. Avisene var som regel opne, slik at alle medlemmene kunne skrive i dei, og mang ein ung, ivrig skribent fann seg eit rom i dei.

Avisene inneheldt allslags stoff, både småstykke, forteljingar, dikt, meiningsytringar og endåtil annonsar og kontaktannonsar. Mykje av stoffet var skrive i ein humoristisk tone, og opplesing av lagsavis var gjerne eit populært innslag på lagsmøta, om enn ikkje for alle som høyrde på. Det hende nemleg at det vart skrive historier der personar, namngitte eller lett attkjennelege, vart latterleggjorde i lagsavisene.

Teaterverksemd

Hulda Garborg i bunad
Hulda Garborg i bunad (ukjent år).
Av /Nasjonalbiblioteket .

Heilt frå starten har teaterverksemd hatt ein viktig plass hjå ungdomsrørsla. I 1855 skreiv Ivar Aasen Ervingen – det første dramaet på nynorsk. Gjennom åra er det ikkje få ungdomshus der dette stykket har blitt spela av lokale bygdefolk. Men også Hulda Garborg (1862–1934) var ein viktig inspirator for amatørteatertradisjonen i ungdomslaga. Ho starta Det Norske Spellaget, som var forløparen til Det Norske Teatret, og der arbeidde ho saman med ei rekkje framståande ungdomslagsfolk. Ho skreiv sjølv og regisserte fleire stykke, deriblant Rationelt fjøsstell. Fleire av skodespela hennar er mykje brukte både i ungdomslaga og på dei profesjonelle scenene.

Sidan midten av 1970-talet har teaterarbeidet i NU fått eit nytt oppsving. Særleg folkekomediar som Kallane i Oladalen og Brødrene Østermanns huskors har vore mykje spela. I 2003 tok NU initiativ til å skipe Norsk Amatørteaterfestival, som vart arrangert annakvart år fram til 2014.

Sambandet vestover

Nordiske flagg
Det nordiske samarbeidet er framleis viktig for NU. Stemnet NORDLEK vert halden kvart tredje år og går på omgang mellom landa Danmark, Sverige, Finland og Noreg. I tillegg har dei sjølvstyrde områda eigne tilskipingar. Fotoet er frå stemnet på Åland i 2019, Ålek 2019.
Av /Noregs Ungdomslag.
Lisens: CC BY NC 2.0

Island og Færøyane

Sidan norsk historie var ein så viktig grunnstein for norskdomsrørsla, var det naturleg å knyte kontaktar vestover til dei gamle norske skattlanda i Nord-Atlanteren. Islendingar og færøyingar vart sett på som særleg «ekte» i den forstand at dei hadde teke vare på den felles norrøne arven av språk og kultur. Samstundes hadde dei ei felles sak med nordmennene i det å lausrive seg frå det danske herredømet som dei hadde lege under i fleire hundre år.

Færøyane kom i fokus for ungdomslaga frå 1902, då Hulda Garborg (1862–1934) budde ein vinter på Kirkjubøur for å lære seg færøydansen. Denne dansen vart førebilete for utviklinga av norsk folkedans, som har vore ein av dei viktigaste aktivitetane i ungdomsrørsla (meir om dette nedanfor).

Sidan vart det arrangert fleire ungdomsstemne der fellesskapet med øyfolka vest i havet var viktig. Under eit stort stemne på Voss i 1908 var mange islendingar og færøyingar til stades. Færøyingane dansa, og islendingen Helgi Valtýsson (1877–1971) heldt tale. Han starta seinare Ungmennafélag Íslands med NU og dei norske ungdomslaga som førebilete. I 1911 vart det halde eit stemne på Færøyane med norske besøkjande, og med kongsbonden og politikaren Jóannes Patursson som vertskap. Samlingane inspirerte til eit litterært samarbeid, som mellom anna førte til at NU gav ut den første barneboka på færøysk, ei omsetjing av Daniel Defoes berømte roman Robinson Crusoe.

Grønlandssaka

NU engasjerte seg også i den såkalla Grønlandssaka. Dette var ei stor symbolsak i alle nasjonalsinna miljø i Noreg i mellomkrigstida. Sommaren 1931 drog ein privat norsk fangstekspedisjon til Aust-Grønland for å okkupere ein del av øya. Okkupasjonen vart stadfesta av regjeringa, og NU vedtok på årsmøtet same året å stå vakt om rettane til Grønland. Noreg tapte saka ved den internasjonale domstolen i Haag i 1933.

Folkedans og folkedrakter

Folkedans (foto, brudedans)

Folkedans. Brud og brudgom dansar til musikk frå spelemennene. Lågdalsmuseet, Kongsberg. Biletet er henta frå papirleksikonet Store norske leksikon, utgjeve 2005-2007.

Av /NTB Scanpix ※.
Bunadskledd ungdom frå Setesdal (ca. 1905)
Kabinettkort som viser bunadskledde ungdomar frå Setesdal som dansar, cirka 1905. Fotoet har tilhøyrt Hulda Garborg, som var opphavet til ei av dei sterkaste uttrykksformene i ungdomslaga og NU: folkedansen. Satsinga på folkedansen følgdest åt av ei satsing på folkedrakter – bunader.
Av /Nasjonalbiblioteket .

Folkedans

Hulda Garborg var også opphavet til ei av dei sterkaste uttrykksformene i ungdomslaga og NU: folkedansen. Dansen lanserte ho første gongen på ein marknad i regi av Bondeungdomslaget i Oslo i mars 1902, og interessa var så god at ho same året drog til Færøyane for å lære om folkevisedansen der. Seinare samarbeidde ho mykje med Klara Semb (1884–1970) om utviklinga av ein eigen norsk folkedanstradisjon. Også Semb vitja Færøyane. Ho gav ut fleire rettleiingsbøker for dansen og reiste mykje rundt og dreiv opplæring.

Forbod mot runddans

Før songdansen kom, var runddans (gammaldans) vanleg i ungdomslaga. Etter press frå folkeviseleikarane innførte NU i 1917 forbod mot runddans på lagsmøta i organisasjonen. Ein del av bakgrunnen for dette låg nok i at runddansen var knytt til dansefestar med alkoholbruk og fyll. Folkedansen hadde ikkje slike hefte hengande ved seg.

Bunader

Satsinga på folkedansen følgdest åt av ei satsing på folkedrakterbunader. Slike klede kom meir og meir i bruk som festdrakter frå hundreårsskiftet og utetter. Også på dette området var Hulda Garborg og Klara Semb pionerar. Førstnemnde forma ut ein bunadstype som vart svært populær over heile landet, og som i dag berre går under namnet «Hulda Garborg-drakt».

Hovudpoenget for Garborg var ikkje å ta vare på dei gamle kledetradisjonane. Ho la derimot stor vekt på å komponere plagg som passa inn i tida. Klara Semb hadde ei heilt anna haldning til dette – ho arbeidde for å få inn meir tradisjonelle kjenneteikn og fjerna mykje av dei moderniserte mønstra. Bunadarbeidet i NU har dei seinare tiåra fått auka status. I 1979 vart det utpeika ei eiga bunadnemnd i organisasjonen, som i 1994 vart omdøypt til Bunadrådet.

Stemne

Mot slutten av 1800-talet vart folkemøte stadig vanlegare i Noreg, både for politiske, kulturelle, religiøse og sosiale føremål. Også ungdomslagsrørsla tok i bruk denne forma for samkomer. Dei fleste fylkeslaga arrangerte sine eigne årlege stemne, og sidan NU vart skipa i 1896, har det også blitt halde landsdekkande ungdomsstemne.

Dei fleste stemna varte i to dagar. På programmet stod som regel fleire talar og foredrag, underhaldning i form av dans og skodespel, utstilling av husflidsvarer og gudsteneste. Stemna kunne samle tusenvis av menneske. For deltakarane var nok det sosiale elementet viktig i ei tid då det var færre høve enn i dag til å reise, oppleve nye stader og treffe nye folk.

Samstundes hadde stemna ein viktig funksjon som utstillingsvindauge for NU. Gjennom stemna fekk organisasjonen vist fram kva han stod for, og at han hadde god oppslutning. Det NU og den frilyndte ungdomsrørsla stod for, vart ekstra tydeleg her.

Lagsbruk – ungdomshus i byane

Kaffistova Gildevangen
Trondheims kaffistove på Gildevangen i Søndre gate 22 vart opna 13. mai 1912 av Bondeungdomslaget Nidaros.
Av /NTNU.
Lisens: CC BY SA 3.0
Kaffistova på Hamar
Tilsette ved Kaffistova ved Hotell Bondeheimen på Hamar rundt 1922–1940.
Av /Anno Domkirkeodden.

Mange folk i byane hadde landsens bakgrunn og/eller kjende seg heime i norskdomsrørsla. Det var såleis naturleg at det kom ungdomslag også i byane, og også desse laga trong ein samlingsstad. Samstundes fekk fleire lokallag og drivande personar augo opp for at bygdefolk på bytur hadde behov for ein fast tilhaldsstad, og dette kom til å utgjere grunnsteinen for mange lagsbruk.

Eit lagsbruk er eit forretningstiltak som blir drive av eit lag. Ordet blir som regel brukt om hotell- og serveringsstadene som vart sette i gang av ungdomslag og mållag, mange med namna Bondeheimen eller Kaffistova. Andre døme på lagsbruk som norskdomsrørsla stod bak, er folkehøgskular, husflidsutsal, forlag, aviser og bankar. Mange lagsbruk var lønsame verksemder og gav verdifulle tilskot til eigarlaga.

Kaffistovene og bondeheimane hadde sin glansperiode frå omkring 1910 fram til 1960-talet. I byrjinga var både mat og interiør sterkt prega av norskdoms- og bondekulturen. I den første Kaffistova, som opna i 1901 i Oslo, hang det til dømes bilete av Arne Garborg, Aasmund Olavsson Vinje og andre norskdomshovdingar på veggene. Dei tilsette arbeidde i bunad og serverte ekte bondekost som rømmegraut, lefse, sild og flatbrød. Det vart ikkje skjenkt alkohol.

Frå 1917 vart det kravd inn lagsbruksskatt i NU, men ikkje før i 1949 vart det starta eit organisert samarbeid mellom lagsbruka på landsplan. NU fekk då ei eiga rådgjevande lagsbruksnemnd. I 1979 vart Lagsbrukssamskipnaden danna. Organisasjonen skifta namn til Norske Lagsbruk i 1997 og til Norske kulturbygg i 2009.

Organisasjonen Norske kulturbygg var fram til organisasjonen vart lagt ned i 2012 tenesteapparat for lag i Noregs Ungdomslag med ungdomshus.

Fråhaldssaka viktig

Heilt frå byrjinga av var fråhaldssaka ein viktig pilar for ungdomslaga. Aktivitetane i laga skulle vere reine og sunne, og då var rusmiddel eit framandelement. Dei fleste laga hadde i praksis alkoholforbod på festane sine. Dette synet galdt også pengespel, som vart sett på som eit samfunnsproblem ein ønskte å få slutt på.

NU sentralt følgde opp denne praksisen. Årsmøtet i 1903 bestemte samrøystes at «Landslaget ventar at alle ungdomslag held rusdrykken burte fraa alle samkomor», og i 1916 vedtok ein eigne rusdrikkføresegner. Det vart også drive haldningsskapande arbeid mot rusdrykk gjennom tale og skrift. I den frilyndte tankegangen låg det ei stor tiltru til slik opplysning. Dei frilyndte ungdomslaga kravde difor ikkje totalfråhald av medlemmene sine, slik fråhaldslosjane gjorde.

Fråhaldslinja har ført til mykje debatt, mellom anna om skjenkjerett for ungdomslaga sine kaffistover og hotell. Likevel har NU halde fast på denne linja, sjølv om det generelle synet på og tilgangen til alkohol har blitt liberalisert dei siste tiåra.

NU og krigen

Servise frå Bondeungdomslaget Ervingen
Bondeungdomslaget Ervingen i Bergen dreiv fleire kaffistover i Bergen frå 1907. På desse fata frå 1920-talet er solkrossen nytta som logo for Bondeungdomslaget på serviset i matsalen Gimle. Solkrossen var eit sjølvsagt symbol for både kaffistova i Bergen og andre lagsbruk, og synte nordisk samhald. Frå 1940 var ikkje lenger krossen ein del av symbolbruken til ungdomslaga.
Av /Nynorsk kultursentrum.

Første åra av den andre verdskrigen

Då den andre verdskrigen braut ut, skjedde det ikkje noko umiddelbart med NU, bortsett frå at ein vart råka av det allmenne forbodet mot offentlege samkomer. Ein del ungdomslag laut dessutan tole at tyskarane overtok husa deira. Etter at alle politiske organisasjonar utanom Nasjonal Samling (NS) vart forbodne i 1941, auka oppslutninga om NU. Ved årsskiftet 1941/1942 hadde medlemstalet passert 60 000.

Mislukka nazifisering

Men i februar 1942 kalla Vidkun Quisling sin kulturminister Gulbrand Lunde NU-styret inn til møte der han la fram for dei nye lover for organisasjonen basert på førarprinsippet. Styret var ikkje innstilte på ei nazifisering av NU, og dei vart difor straks avsette. Dei rakk likevel å sende ut ei oppmoding til medlemslaga om boikott, og denne boikotten følgde dei fleste. Lag etter lag vart nedlagt ved at styra la ned verva sine, og NU vart ein tom organisasjon som nazistane sleit med å fylle med innhald og medlemmer. I 1944 hadde medlemstalet sokke til 400.

For nazistane var NU ein attraktiv organisasjon når det galdt ideologisk samarbeid. Nasjonal Samling spela på mange av dei same strengene som ungdomslagsrørsla, med nasjonale symbol og fargar og sterk vekt på norsk historie og bondekultur. Årsaka til nazifiseringa av NU mislukkast, låg nok i det demokratiske grunnlaget og folkeopplysningstanken som ungdomslagsrørsla var tufta på. Ideen om det frilyndte samsvarte svært dårleg med nazismen si einsretting.

Etterkrigstid og medlemssvikt

Etter at den andre verdskrigen var slutt, kom ungdomslaga raskt i arbeid att. Men no venta nye utfordringar. Ei storstila sentralisering førte til at mange bygder vart tappa for folk, særleg ungdomar. Mange ungdomslag mista såleis medlemsgrunnlaget sitt og sine mest drivande krefter. I tillegg fekk NU sterk konkurranse på kulturområdet. Ungdomslaga måtte tevle om merksemd ved sida av fjernsyn, kino og andre fritidsaktivitetar.

Dyrkinga av den nasjonale kulturen som NU hadde stått for, mista oppslutning. Ungdomane i etterkrigstida var meir opptekne av kulturimpulsar frå andre land, særleg USA og England. Kort sagt vart rock, pop og disko meir populært enn folkedans og leikarring. Tradisjonen med lagsmøta, som hadde vore sentral for dei fleste ungdomslaga, gjekk etter kvart tapt. Også mange av dei tradisjonsrike, handskrivne lagsavisene tapte terreng i denne tida.

1970-åra: eit radikalt oppsving

På 1970-talet bles det nye politiske, radikale vindar. EF-kampen segla opp til å bli eit vegskilje i noregshistoria, og NU tok standpunkt og melde seg inn i Ungdomsaksjonen mot EEC i 1971. Sjølv om det var strid om denne innmeldinga, var ho djupt rotfesta i norskdomsrørsla sin nasjonale tradisjon, og mange ungdomslagsfolk markerte seg som aktive på nei-sida mot slutten av EEC-debatten.

Sigeren for nei-sida gav kveiken til ei større interesse for norsk bygdeliv og kultur. Mange ungdomslag segla i medvind og vann auka oppslutning for sine tradisjonelle aktivitetar som folkedans og teaterarbeid. Folkeopplysningsidealet vart vidareutvikla gjennom tiltak som den landsomfattande årlege kunnskapstevlinga «Kven veit?», som har blitt svært populær i mange ungdomslag.

Samstundes var dagsaktuelle politiske tema ofte framme i ungdomslagssamanheng i denne tidbolken, og standpunkt langt ute på venstresida ser ut til å ha vore dominerande, i alle fall innanfor NU sentralt. Til dømes løyvde NU-styret pengestøtte til Norges Naturvernforbund si rettssak mot staten om utbygginga av Altavassdraget i 1979. Og året etter fekk styret årsmøtet i NU med på å sende ei oppmoding til regjeringa og Stortinget om å godkjenne PLO som det representative organet for det palestinske folket.

NU gjennom dei siste tiåra

Folkedans
Folkedans på Folkedansfestivalen 2013. NU stod tidlegare som tilskipar av festivalane Folkedansfestivalen og Norsk Amatørteaterfestival, som vart arrangerte fram til og med 2014.
Av /Noregs Ungdomslag.
Lisens: CC BY NC 2.0

1970- og 1980-åra

Den oppheta politiske stemninga i 1970-åra kunne på mange måtar minne om perioden med sterk fokus på folkeopplysning eit knapt hundreår tidlegare, då ungdomslagsrørsla vart til. Men utover 1980-talet opplevde NU som mange andre organisasjonar ein svikt i engasjement og medlemstal. «Jappetida» og ein sterkare individualisme var komen, og tida var ute for dei store debattane. NU heldt likevel fast på eit frilyndt, radikalt grunnsyn. Til dømes vedtok fleire årsmøte i organisasjonen på slutten av 1980-talet å ønskje flyktningar og asylsøkjarar velkomne til landet.

Reindyrking av dei kulturelle aktivitetane

På 1990-talet og 2000-talet forsvann mykje av det politiske aspektet ved NU. I staden har ungdomslagsrørsla gått meir over til å reindyrke dei kulturelle aktivitetane. Som ei følgje av dette vart føremålsparagrafen til NU i 2006 endra til det følgjande: «Noregs Ungdomslag skal gjennom folkelege kulturaktivitetar skape engasjement og levande lokalmiljø.» Visjonen for NU er «levande lokalkultur».

Barn og unge

Hovudsatsinga til NU har vore aktivitetar for barn og unge. For å kunne vere ein betre støttespelar for lokallaga i dette arbeidet har NU drive eit aktivt opplæringsarbeid, blant anna gjennom instruktørutdanning, fagseminar og sommarleir for ungdom på ulike fagfelt som teater, folkedans og bunad. NU stod tidlegare som tilskipar av festivalane Folkedansfestivalen og Norsk Amatørteaterfestival, som vart arrangerte fram til og med 2014.

Ungdomshusa

Ungdomshallen i Odda
Eit viktig satsingsområde for NU har vore å hjelpe lokallaga med å ta vare på ungdomshusa. Foto av Ungdomshallen i Odda (foto frå 2002).
Av /Noregs Ungdomslag.
Lisens: CC BY NC 2.0

Eit anna viktig satsingsområde har vore å hjelpe lokallaga med å ta vare på ungdomshusa. Etter kvart som medlemsmassen og aktivitetsmengda har gått ned, har det nemleg blitt ei stor utfordring for mange lag å halde husa sine opp til dagens standard og krav til komfort.

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Litteratur

  • Kløvstad, Jan (red.) (1995): Ungdomslaget : Noregs ungdomslag 1896–1996. Oslo: Det Norske Samlaget. Les hos Nasjonalbiblioteket
  • Losnegård, Gaute (1996): «Fyr det gode og væne i livet» : Holmedal Ungdomslag 1896–1996. Holmedal: Holmedal Ungdomslag. Les hos Nasjonalbiblioteket
  • Lundanes, Oddvin og Moren, Sigmund (red.) (1971): Ung i 75 år : Noregs ungdomslag 1896–1971. Oslo: Det Norske Samlaget. Les hos Nasjonalbiblioteket
  • Moren, Sven og Os, Edvard (red.) (1921): Den frilynde ungdomsrørsla : Norigs ungdomslag i 25 år. Oslo: Noregs ungdomslag. Les hos Nasjonalbiblioteket
  • Sælid, Kristoffer (1949): Glytt frå lagslivet i Noregs ungdomslag i eldre tid. Oslo: Noregs Boklag. Les hos Nasjonalbiblioteket

Faktaboks

Noregs Ungdomslag
Sektorkode
7000 Ideelle organisasjoner
Næringskode(r)
94.991 Aktiviteter i andre interesseorganisasjoner ikke nevnt annet sted

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg