Hopp til innhold

Normannalaget

Normannalaget var det første mållaget i Amerika.

Normannalaget, det første mållaget i Amerika, vart skipa i Moorhead, Minnesota 7. juni 1913 i samband med avdukinga av Ivar Aasen-støtta på området til Concordia College i same byen.

Ideen om eit mållag kom frå ei gruppe medlemer av Søndmørslaget, som hadde teke initiativ til å feire 100-årsjubileet for Ivar Aasens fødsel 6. og 7. juni 1913. Over 2000 menneske, dei fleste norskamerikanarar i bunad, samla seg til markeringa. Hulda Garborg og Anders Hovden var representantar frå Noreg. Hovden var offisiell representant for Noreg, betalt av Stortinget, medan Hulda Garborg var utsending frå Noregs Ungdomslag.

På skipingsmøtet til Normannalaget vart Paul Vik vald til formann. Andre medlemer i styret var redaktør Peer Storeygard, Kristian Nøtsund, Eivind Aakhus og J.A. Kampen. Sidan Peer Storeygard, redaktøren av nynorskbladet Norrøna, var med i styret, var det naturleg at bladet vart eit talerøyr for mållaget. I ein artikkel om mållaget i Norrøna skriv formannen Paul Vik: «Det norske folk hev eit ættarfolk som dei hugheilt kan vera stolte av, og me fekk av desse vaare ættarfolk ein arv til å gjøyma og halda i stand, og den gjævaste parten av denne arven er det norske maal.»

Kjelder

Einar Haugen: «The Norwegian Language in America. A Study in Bilingual Behavior». Philadelphia 1953

Arne Sunde: «A Minority within a Minority. The Promotion of Nynorsk in the United States, 1900–1920», i Odd Lovoll (red.): Norwegian-American Studies, Volume 34. The Norwegian-American Historical Association. Northfield, Minnesota 1995

Først publisert: 02.05.2018
Sist oppdatert: 02.05.2018