Hopp til innhold

Norsk Boksamling

Norsk Boksamling, Anton Aures samling av bøker og skrifter på nynorsk og dialekt, kjøpt av Det Norske Samlaget i 1925 og deponert i Universitetsbiblioteket, som supplerte samlinga fram til 1979. Delar av samlinga er i dag plassert i Ivar Aasen-tunet.

Læraren, boksamlaren og bibliografen Anton Aure (1884–1924) tok til å samle bøker og skrifter på nynorsk og dialekt frå han var 16–17 år gamal. Målet hans var å samle alle bøker og skrifter som var komne ut på nynorsk. Han levde sparsamt heile livet, og dei pengane han kunne spare, gjekk til boksamlinga.

I 1923 hadde Aure rundt 6000 bøker og småskrifter på nynorsk og dialekt, meir enn noko offentleg bibliotek. Universitetsbiblioteket mangla om lag 700 av bøkene og skriftene i sine samlingar. Samlinga omfatta også eit band med autografar, store bibliografiske førearbeid ordna i kartotek og ei brevsamling med 2000 brev.

Samlinga av desse bøkene og skriftene låg til grunn for Aures Nynorsk boklista, som kom med to band i 1916 og 1921. Eit tredje band vart fullført av Olav Dalgard i 1926 og eit fjerde band ved Arne Gallis i 1942.

Då Aure døydde, kjøpte Det Norske Samlaget samlinga for 8000 kroner i 1925. Ho vart deponert i Universitetsbiblioteket og fekk namnet «Norsk Boksamling, grunnlagd av Anton Aure». Stortinget løyvde 5000 kroner til oppstilling, innbinding og vedlikehald, og Universitetsbiblioteket supplerte samlinga fram til 1979.

Den første styraren av Norsk Boksamling var stud.philol. Olav Dalgard. Stud.philol. Sigmund Skard tok over i 1927, og hausten 1938 vart bibliotekassistent Arne Gallis styrar. Stud.mag.art., seinare fakultetsbibliotekar Kaare Haukaas vart tilsett som styrar i 1944 og stod seinare for arbeidet med samlinga.

I 2002 vart delar av Norsk Boksamling, gjerne kalla Anton Aure-samlinga, deponert i Ivar Aasen-tunet av Det Norske Samlaget. Samlinga i Aasen-tunet omfattar om lag 5000 band med bøker og skrifter utgitt etter 1935, og 2200 årgangar av 147 ulike aviser, blad og tidsskrift frå perioden 1877–1972.

Kjelder

Anton Aure: Ungdom og bøker. Ei liti rettleiding for norsklynd ungdom som vil faa seg eigi boksamling. Bjørgvin 1923

Bjarte Birkeland ofl. (red.): Det Norske Samlaget 1868–1968. Oslo 1968

Eirik Moen: «Anton Aure». Romsdal Sogelag 1960

W. Munthe: «Anton Aure», Nordisk tidskrift för bok- och biblioteksväsen 1925

Henrik Rytter: «Anton Aure», Ung-Norig nr. 8/1924

Sigmund Skard: «Anton Aure», Ung-Norig nr. 1/1935

Sigmund Skard: «Norsk boksamling grunnlagd av Anton Aure», Nordisk tidskrift för bok- och biblioteksväsen 1928

Idar Stegane: «Anton Aure – den nynorsk bibliografen». Romsdal Sogelag 1984

Olaf Chr. Torp: «Anton Aure», Norsk biografisk leksikon, bd. 1. Oslo 1999

Anton Aure- samlinga hos Ivar Aasen-tunet, aasentunet.nohttp://www.aasentunet.no/default.asp?menu=59&id=332  [lesedato 14.09.2010]

Peikarar

Elektronisk utgåve av W. Munthe: «Anton Aure», Nordisk tidskrift för bok- och biblioteksväsen 1925 hos Projekt Runeberg

Elektronisk utgåve av Sigmund Skard: «Norsk boksamling grunnlagd av Anton Aure»Nordisk tidskrift för bok- och biblioteksväsen 1928 hos Projekt Runeberg

Anton Aure: Nynorsk boklista I. Oslo 1916. Tilgjengeleg i Bokhylla, nb.no

Anton Aure: Nynorsk boklista II. Oslo 1921. Tilgjengeleg i Bokhylla, nb.no

Anton Aure-samlinga i Ivar Aasen-tunet

Først publisert: 21.09.2010
Sist oppdatert: 14.03.2019