Hopp til innhold
Lars Eskeland. Eskeland var første formannen i Norsk Måldyrkingslag, frå det vart skipa i 1928 og fram til han døydde i 1942. Foto: Ukjend. Publisert i Norsk Allkunnebok. Nytta etter avtale med Nynorsk kultursentrum og Nasjonalbiblioteket.
Lars Eskeland. Eskeland var første formannen i Norsk Måldyrkingslag, frå det vart skipa i 1928 og fram til han døydde i 1942. Foto: Ukjend. Publisert i Norsk Allkunnebok. Nytta etter avtale med Nynorsk kultursentrum og Nasjonalbiblioteket.
X
Innhald

Norsk Måldyrkingslag

Norsk Måldyrkingslag, akademi for nynorsk, som står for eit språkleg konservativt syn, skipa i 1928.

Norsk Måldyrkingslag (Akademi for det Norske Målet) vart skipa av Det Norske Samlaget, Noregs Mållag, Norsk Bladmannalag, Norsk Bokmannslag og Studentmållaget i Oslo 20. oktober 1928. Føremålet til laget var å granske og dyrke det norske målet. Ved skipinga hadde laget 16 lagsmenn eller medlemer. Lars Eskeland var første formannen, Ola Raknes første skrivaren.

Førebuinga av Norsk Ordbok, frå 1929 saman med Det Norske Samlaget, som etter krigen tok over arbeidet, var den viktigaste oppgåva den første tida. I 1930-åra gav laget elles tilskot til eit par fagordlister. Men skiparlaga hadde ikkje ressursar å setje inn i Norsk Måldyrkingslag, og ein høyrde lite til det.

Laget har stått for eit konservativt syn på nynorsk. Det sa seg i 1936 usamd i tilrådinga om den nye rettskrivinga, «både i alle hovudlinor og i dei aller fleste einskilde ting», og rådde frå at framlegget vart sett i verk. I 1958 gav laget ut ein analyse av framlegget til ny læreboknormal, og i 2011 utarbeidde laget saman med Ivar Aasen-sambandet ein kritisk analyse av framlegget til 2012-rettskrivinga.

Laget gav frå 1951 med ujamne mellomrom ut årsskriftet Fram daa, Frendar, til saman elleve utgivingar, siste gongen i 1999. I skriftet finn ein artiklar om språklege emne og biografiske artiklar skrivne av medlemer. I 1968 gav laget ut eit minneskrift om professor Nikolaus Gjelsvik, og i 1987 kom heftet Skriv norsk!, ei rettleiing i god språkføring med ei kort fornorskingsordliste.

Lars Eskeland var formann i Norsk Måldyrkingslag frå 1928 til han døydde i 1942. Etter krigen var Sigurd Kolsrud og Severin Eskeland leiarar eit par år kvar, deretter følgde Elias Berdal i tida 1950–57. Mellom seinare leiarar finn vi Knut Robberstad, Einar Stavang, Ingeborg Hoff, Per Hovda, Ivar Eskeland, Hans Sørbø, Magnus K. Robberstad og Jon Ous. Hallvard Bergwitz var i mange år skrivar. Formann i dag er Dag Hagen Berg, skrivar Sergej Alexander Munkvold.

Talet på «lagsmenn», innvalde medlemer, har variert. I 1950 var det 30, sju år seinare 59, i 2013 ligg det rundt 40. Då Norsk språkråd vart skipa i 1972, vart Norsk Måldyrkingslag representert med ein medlem i rådet. Norsk Måldyrkingslag er med i Samyrkelaget Norsk Barneblad og er representert i Halldor O. Opedals fond for norsk målreising og måldyrking.

Kjelder

Håvard Tangen, nestleiar Norsk Måldyrkingslag, e-postar februar 2013

Olaf Almenningen mfl. (red.): Målreising i 75 år. Noregs Mållag 1906–1981. Oslo 1981

Olaf Almenningen mfl. (red.): Studentar i målstrid. Studentmållaget 1900–2000Oslo 2003

Olav Dalgard mfl. (red.): Studentmållaget 50 år. Oslo 1952

Ingolf Kvamen: Analyse av  framlegget til læreboknormalar. Norsk Måldyrkingslag 1958

Lov for Norsk Måldyrkingslag (Akademi for det Norske Målet). Vedteken på skipingsmøtet 20.10.1928 brigda seinast 24. mai 2008

Norsk Måldyrkingslag: Fram daa, Frendar. 1951, 1953, 1956, 1957, 1958, 1959, 1965, 1981, 1989, 1992, 1999.

Norsk Måldyrkingslag: Professor Nikolaus Gjelsvik 1866–1938. Oslo 1968

Norsk Måldyrkingslag: Skal me reisa det norske målet eller riva det sunder? Oslo 1936

Norsk Måldyrkingslag: Skriv norsk! Rettleiing i god norsk målbruk. Oslo 1987

Norskt Måldyrkingslag og Ivar Aasen-sambandet: Analyse av ny rettskriving for nynorsk. Notat til Kulturdepartementet. 14. august 2011

Norskt Måldyrkingslag og Ivar Aasen-sambandet: Tillegg til: Analyse av ny rettskriving for nynorsk. Notat til Kulturdepartementet. 12. september 2011

Per Ivar Vaagland: Målrørsla og reformarbeidet i trettiåra. Oslo 1982

Årsmeldingar frå Norsk språkråd

Peikarar

Per Ivar Vaagland: Målrørsla og reformarbeidet i trettiåra i NBdigital

Norsk Måldyrkingslag: Professor Nikolaus Gjelsvik 1866–1938 i NBdigital

Først publisert: 01.07.2013
Sist oppdatert: 18.10.2018