Norsk språknemnd var eit rådgivande organ for styresmakter og ålmente i språkspørsmål i perioden 1952–1971. Nemnda utarbeidde læreboknormalen av 1959. Nemnda vart avløyst av Norsk språkråd i 1972.

Skiping

Norsk språknemnd vart skipa i 1952 etter vedtak i Stortinget 14. desember 1951. Nemnda hadde til oppgåve på vitskapleg grunnlag å gi styresmaktene og ålmenta råd og rettleiing i språkspørsmål og i dette arbeidet «fremja tilnærming mellom dei to skriftmåla på norsk folkemåls grunn».

Språknemnda skulle gi rettleiing i rettskrivingsspørsmål, fremje einskap i terminologi, føre tilsyn med språket i lærebøker og syte for utgreiingar, språkkurs og anna opplysningsarbeid til styresmaktene, offentlege institusjonar, pressa og ålmenta.

Nemnda vart avløyst av Norsk språkråd i 1972, som alt året etter tok til med ein revisjon av bokmålsrettskrivinga.

Oppgåver

Hovudoppgåva for nemnda dei første fem åra var å utarbeide framlegg til ein læreboknormal. Forslaget vart lagt fram i 1957 og vart etter ein del strid vedteke i revidert form av Stortinget i 1959. For nynorsk innebar den nye rettskrivinga ei viss tilnærming til bokmål på einskilde punkt. For bokmål var rettskrivinga i hovudsak ei stadfesting av status quo, men talet på tillatne former i lærebøkene vart stramma inn.

Samansetjing

Nemnda hadde 30 medlemer, 15 for kvar målform, oppnemnde av Kongen etter tilråding frå Kyrkje- og undervisningsdepartementet. Medlemene skulle vere målmenn for språkvitskap, morsmålsopplæring, litteratur, presse og kringkasting.

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Litteratur

  • Alf Hellevik og Einar Lundeby: Skriftspråk i utvikling. Tiårsskrift for Norsk språknemnd 1952–62. Oslo 1964
  • Arne Torp og Lars S. Vikør: Hovuddrag i norsk språkhistorie, tredje utgåve. Oslo 2008
  • Årsmeldingar frå Norsk språknemnd

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg