Hopp til innhold
X
Innhald

Norsk språknemnd

Norsk språknemnd, rådgivande organ for styresmakter og ålmente i språkspørsmål 1952–71. Nemnda utarbeidde læreboknormalen av 1959.

Norsk språknemnd vart skipa i 1952 etter vedtak i Stortinget 14. desember 1951. Nemnda hadde til oppgåve på vitskapleg grunnlag å gi styresmaktene og ålmenta råd og rettleiing i språkspørsmål og i dette arbeidet «fremja tilnærming mellom dei to skriftmåla på norsk folkemåls grunn».
Språknemnda skulle gi rettleiing i rettskrivingsspørsmål, fremje einskap i terminologi, føre tilsyn med språket i lærebøker og syte for utgreiingar, språkkurs og anna opplysningsarbeid til styresmaktene, offentlege institusjonar, pressa og ålmenta.
Nemnda hadde 30 medlemer, 15 for kvar målform, oppnemnde av Kongen etter tilråding frå Kyrkje- og undervisningsdepartementet. Medlemene skulle vere målsmenn for språkvitskap, morsmålsopplæring, litteratur, presse og kringkasting.
Hovudoppgåva for nemnda dei første fem åra var å utarbeide framlegg til ein læreboknormal. Forslaget vart lagt fram i 1957 og vart etter ein del strid vedteke i revidert form av Stortinget i 1959. For nynorsk innebar den nye rettskrivinga ei viss tilnærming til bokmål på einskilde punkt. For bokmål var rettskrivinga i hovudsak ei stadfesting av status quo, men talet på tillatne former i lærebøkene vart stramma inn.
Nemnda vart avløyst av Norsk språkråd i 1972, som alt året etter tok til med ein revisjon av bokmålsrettskrivinga.
Kjelder
Alf Hellevik og Einar Lundeby: Skriftspråk i utvikling. Tiårsskrift for Norsk språknemnd 1952–62. Oslo 1964
Ny læreboknormal 1959. Kyrkje- og undervisningsdepartementet, Oslo 1959
Arne Torp og Lars S. Vikør: Hovuddrag i norsk språkhistorie, tredje utgåve. Oslo 2008
Finn-Erik Vinje: Et språk i utvikling. Oslo 1978
Årsmeldingar frå Norsk språknemnd
Peikarar

Først publisert: 10.11.2011
Sist oppdatert: 13.05.2013