Hopp til innhold
Illustrasjonsfoto av stadnamnskilt. Å i Nordland. Foto (2009): Harald Groven, flickr.com. CC BY-SA 2.0.
Illustrasjonsfoto av stadnamnskilt. Å i Nordland. Foto (2009): Harald Groven, flickr.com. CC BY-SA 2.0.
X
Innhald

Norsk stadnamnarkiv

Norsk stadnamnarkiv, arkiv for stadnamn, skipa i 1921, frå 1939 statsinstitusjon og frå 1979 lagt inn under Universitetet i Oslo, med skiftande organisering og namn. I 2016 vart stadnamnsamlinga overført til Universitetet i Bergen.

Norsk stadnamnarkiv vart stifta i 1921. Ei drivkraft bak initiativet var namneforskaren Magnus Olsen. Arkivet heldt dei første åra til i Oslo, og Gustav Indrebø var den første styraren.

Arbeidet omfatta på den eine sida registrering av stadnamn frå kart og eldre kjelder, på den andre sida innsamling ved feltarbeid. Ei tredje oppgåve var gransking og publisering. Dette har også seinare vore dei sentrale oppgåvene.

I 1930 drog Indrebø til Bergen som professor i vestnorsk målgransking, og arkivet vart liggjande nede. Det kom på fote igjen i 1939, vart statsinstitusjon, flytta til Bergen og fekk på ny Gustav Indrebø som styrar. Per Hovda tok over då Indrebø døydde i 1942, og Hovda hadde styrarstillinga heilt til 1978.

Arkivet hadde flytta attende til Oslo i 1944 og kom i 1979 inn under Universitetet i Oslo som Institutt for namnegransking, frå 1990 Avdeling for namnegransking, og frå 1997 Seksjon for namnegransking under Institutt for nordistikk og litteraturvitskap. Leiarar i desse åra var Botolv Helleland, Tom Schmidt, Kristoffer Kruken og Margit Harsson.

Opp gjennom åra er det bygd opp store samlingar med stadnamn, fordelte på ulike register: Heradsregisteret, Bustadnamnregisteret, Landsregisteret, Seternamnregisteret, Etymologiregisteret og fleire. Stadnamna er innsamla av tilsette ved arkivet, av skuleelevar, studentar og av einskildpersonar elles. Det har vore halde kurs og gitt rettleiing for samlarane. Frå midten av 1970-åra byrja ein med dataregistrering av namna.

Etter at Institutt for lingvistiske og nordiske studium ved Universitetet i Oslo sa frå seg ansvaret for Norsk Ordbok, Nynorskordboka, Bokmålsordboka og dei norske språksamlingane, vart dei i 2016 flytta til Universitetet i Bergen. Stadnamnsamlinga høyrer no administrativt inn under universitetsbiblioteket der.

Namna er lagde inn i Den nasjonale stadnamnbasen, som er offentleg tilgjengeleg på internett. Basen omfattar om lag 700 000 namn.

Etymologiregisteret er eit eige register og inneheld 150 000 innføringar og utdrag frå faglitteratur frå tida 1913–1995.

 

Kjelder

«Den forskings- og undervisningsmessige verdien av eit utval samlingsressursar ved ILN. Rapport frå ei arbeidsgruppe nedsett av instituttleiar ved ILN hausten 2014», uib.no: https://www.uib.no/sites/w3.uib.no/files/attachments/d-sak-1-2-samlet_samlingsrapport_0.pdf [lesedato 28.10.2019]

Peter Hallaråker: Innføring i stadnamn. Innsamling og gransking. Oslo 1997. Tilgjengeleg i Bokhylla, nb.no: http://urn.nb.no/URN:NBN:no-nb_digibok_2009030904093 [lesedato 28.10.2019]

Tom Schmidt (red.): Norsk stadnamnarkiv 75 år. 1921–1996. Oslo 1996. Tilgjengeleg i Bokhylla, nb.no: http://urn.nb.no/URN:NBN:no-nb_digibok_2009031804071 [lesedato 28.10.2019]

Ola Stemshaug: Namn i Noreg. Oslo 1985. Tilgjengeleg i Bokhylla, nb.no: http://urn.nb.no/URN:NBN:no-nb_digibok_2012030906028 [lesedato 28.10.2019]

 

Peikarar

Den nasjonale stadnamnbasen, uib.no

Språkrådet: «Stedsnavn», sprakradet.no

Først publisert: 18.06.2020
Sist oppdatert: 29.06.2020