Hopp til innhold

Norske Lagsbruk

Norske Lagsbruk, samskipnad for kaffistover og bondeheimar. Organisasjonen vart lagd ned i 2012. 

Norske Lagsbruk blei skipa i 1979, då under namnet Lagsbrukssamskipnaden, og er eit framhald av Lagsbruksnemnda som Noregs Ungdomslag og Noregs Mållag etablerte i 1949. Frå 1997 til 2009 gjekk organisasjonen under namnet Norske Lagsbruk. I 2009 skifta organisasjonen namn til Norske kulturbygg. Dette var ein samskipnad for kaffistover, bondeheimar og andre tiltak som ungdomslag og mållag i si tid sette i gang. Samskipnaden skulle vidareutvikle lagsbruka og fremje samarbeid mellom dei.

Drivkrafta var i mange år Sigmund Dale, med Kåre Kolås som ein god støttespelar. Frå 1990 til 2007 var Nils Seland dagleg leiar. Då tok Anders Slaatsveen over. Han var dagleg leiar fram til organisasjonen vart lagd ned i 2012.

Norske Lagsbruk hadde i 2007 ti medlemsføretak. Norske Lagsbruk var medlem i Nynorsk Forum.

Kjelder

Ottar Grepstad: Viljen til språk. Ei nynorsk kulturhistorie. Oslo 2006

Peikarar

Historia om lagsbruka, lagsbruk.no

Norske kulturbygg sin nettstad, arkivert 29.9.2011 (ikkje lenger i drift)

Først publisert: 27.10.2011
Sist oppdatert: 17.10.2018