Hopp til innhold
X
Innhald

Nynorsk kultursentrum

Nynorsk kultursentrum er ei ideell stifting og ein nasjonal kulturinstitusjon som arbeider for nynorsk skriftkultur. Stiftinga skal vere den viktigaste formidlaren av nynorsk identitet og sjølvtillit. Nynorsk kultursentrum femner om avdelingane Ivar Aasen-tunet i Ørsta, Olav H. Hauge-senteret i Ulvik, Vinje-senteret i Vinje og leksikonet Allkunne.

Stiftinga Nynorsk kultursentrum vart grunnlagd 30. august 1993 under namnet Ivar Aasen-stiftinga, men skifta namn i 1998. 24 fylke, kommunar, utdanningsinstitusjonar og organisasjonar står bak stiftinga, som har hovudkontor i Ørsta. Det som starta som ei stifting knytt til Ivar Aasen-museet i Ørsta og Nynorsk Festspelveke i Ørsta/Volda, har vakse til tre senter og tre festivalar, og dessutan det nynorske nettleksikonet Allkunne og eit fond for nynorsk journalistikk. Nynorsk kultursentrum arrangerer Dei nynorske festspela i Ørsta og Volda, Ulvik poesifestival og Litteraturdagane i Vinje.

Hovudføremålet til Nynorsk kultursentrum er å arbeide for nynorsk skriftkultur. Stiftinga eig og forvaltar samlingane ved dei tre sentera, driv med dokumentasjon og forsking, og formidlar kunnskap om nynorsk skriftkultur gjennom festivalar, utstillingar, omvisingar, digitale tenester og publisering. Samtidig har Nynorsk kultursentrum fått som samfunnsoppdrag å arbeide for at det skal vere lettare og kjekkare å vere nynorskbrukar.

Ottar Grepstad vart tilsett som første direktør i Nynorsk kultursentrum i 1999, då den nye museumsbygningen i Aasen-tunet var under bygging. Saman med styret og rådet for Nynorsk kultursentrum stod han sentralt i arbeidet med å forme dokumentasjons- og opplevingssenteret for nynorsk skriftkultur. Ny direktør frå 2018 er Per Magnus Finnanger Sandsmark.

Nynorsk kultursentrum har vore ein samlande faktor i arbeidet for å fremje nynorsken. Mellom anna er direktøren sekretær for Nynorsk forum – eit strategiforum for 17 organisasjonar som arbeider med eller for nynorsk. Nynorsk kultursentrum tok initiativ til og var sekretariat for Språkåret 2013, som hadde grunnlag i 200-årsjubileet for Ivar Aasen og 100-årsjubileet til Det Norske Teatret. Vidare tok Nynorsk kultursentrum initiativ til nettverket for litteraturmuseum i Noreg og eit nettverk for språkmuseum internasjonalt.

Når det gjeld forsking og dokumentasjon, publiserer dei tilsette ved Nynorsk kultursentrum jamleg ny forsking om nynorsk skriftkultur på ulike samfunnsområde. Særleg viktig er det at senteret presenterer statistikk og fakta om nynorsken på ulike samfunnsområde. Senteret forvaltar dessutan Vinje-fondet for nynorsk journalistikk og driv ni nettstader, inkludert nettbutikk og barneside.

I samband med dei nemnde festivalane deler Nynorsk kultursentrum ut prisane Årets nynorskbrukar og Olav H. Hauge-stipendet for unge lyrikarar, og senteret er med i juryane for Storegutprisen og Diktartavla.

Nynorsk kultursentrum vart kåra til Årets museum i 2015. I grunngivinga vart det lagt vekt på at institusjonen er offensiv, alliansebyggjande og framtidsretta, går i bresjen for nye nettverk og samarbeid, og arbeider systematisk med å formidle språkarven digitalt.

Svein Tuastad er setjeredaktør for artikkelen.

Kjelder

Nynorsk kultursentrum: Visjon og strategi 2018–2021. Vedteken 8. juni 2017

 «Dei nynorske festspela», festspela.no, publisert 25.4.2018: http://www.festspela.no/dnf/no/arkiv/ [lesedato 18.6.2018]

Ivar Aasen-tunet: «Om oss», aasentunet.no, oppdatert 13.6.2018: http://www.aasentunet.no/iaa/no/om_oss/ [lesedato 18.6.2018]

Nynorsk kultursentrum: Årsmelding og rekneskap 2017, aasentunet.no: http://www.aasentunet.no/filestore/PDF/rsmeldingar/016Arsmelding2017_komprimert.pdf [lesedato 18.6.2018]

Store norske leksikon: «Nynorsk kultursentrum», snl.no, oppdatert 15.6.2018: https://snl.no/Nynorsk_kultursentrum [lesedato 18.6.2018]

«Ulvik poesifestival», poesifestivalen.no, publisert 13.2.2018: http://www.poesifestivalen.no/up/no/om_festivalen/ [lesedato 18.6.2018]

«Vinje-jubileet 2018», vinjesenteret.no: http://www.vinjesenteret.no/?template=all_events&templatefolderid=6366&cid=4 [lesedato 18.6.2018]

Peikarar

Ivar Aasen-tunet, aasentunet.no 

Hauge-senteret, haugesenteret.no 

Vinje-senteret, vinjesenteret.no 

Aud Søyland: «Ottar Grepstad», allkunne.no 

Først publisert: 11.12.2018
Sist oppdatert: 12.02.2019