Hopp til innhold

Nynorsk litteraturpris

Nynorsk litteraturpris, skjønnlitterær pris for bøker på nynorsk og dialekt. 

Nynorsk litteraturpris blei oppretta av Noregs Mållag, Det Norske Teatret og Det Norske Samlaget og første gong delt ut i 1982. Prisen går til forfattaren av den beste skjønnlitterære boka for vaksne på nynorsk eller dialekt som er gitt ut året før.

Juryen for Nynorsk litteraturpris blir oppnemnd av Noregs Mållag, Det Norske Teatret og Det Norske Samlaget. Noregs Mållag er sekretariat for prisen.

Prisvinnaren får eit diplom og ei pengegåve på 30 000 kroner.

 

Vinnarar av Nynorsk litteraturpris

2019 Jon Fosse: Det andre namnet. Septologien I–II (2019). Det Norske Samlaget

2018 Brit Bildøen: Tre vegar til havet. Det Norske Samlaget

2017 Olaug Nilssen: Tung tids tale. Det Norske Samlaget

2016 Ruth Lillegraven: Sigd. Tiden Norsk Forlag

2015 Eirik Ingebrigtsen: Spikrar frå fallande plankar. Forlaget Oktober

2014 Lars Petter Sveen: Guds barn. Aschehoug

2013 Sigrun Slapgard: Englestien. Det Norske Samlaget

2012 Lars Amund Vaage: Syngja. Forlaget Oktober

2011 Marit Eikemo: Samtale ventar. Det Norske Samlaget

2010 Jan Roar Leikvoll: Fiolinane. Det Norske Samlaget

2009 Kjartan Fløgstad: Grense Jakobselv. Gyldendal Norsk Forlag

2008 Gunnhild Øyehaug: Vente, blinke. Kolon forlag

2007 Frode Grytten: Rom ved havet, rom i byen. Det Norske Samlaget

2006 Eilev Groven Myhren: Ringdrotten, omsetjing. Tiden Norsk Forlag

2005 Øyvind Vågnes: Ekko. Tiden Norsk Forlag

2004 (ikkje delt ut)

2003 Jon Fosse: Auge i vind. Det Norske Det Norske Samlaget

2002 Inger Bråtveit: Munn mot ein frosen fjord. Tiden Norsk Forlag

2001 Ragnar Hovland: Ei vinterreise. Det Norske Samlaget

2000 Rune Belsvik: Ein naken gut. Det Norske Samlaget

1999 Åse Marie Nesse: Dikt i samling (Det Norske Samlaget, 1999), gjendikting av Faust I og II (Det Norske Samlaget, 1993 og 1999) og Mitt hjarta slo (Aschehoug, 1999)

1998 Brit Bildøen: Tvillingfeber. Det Norske Samlaget

1997 Marie Takvam: Dikt i samling (1952–97). Det Norske Samlaget

1996 Oddmund Hagen: Utmark. Det Norske Samlaget

1995 Lars Amund Vaage: Rubato. Forlaget Oktober

1994 Solfrid Sivertsen: Grøn koffert. Det Norske Samlaget

1993 Einar Økland: I staden for roman og humor. Det Norske Samlaget

1992 Jon Fosse: Bly og vatn. Det Norske Samlaget

1991 Marit Tusvik: Ishuset. Aschehoug

1990 Liv Nysted: Som om noe noengang tar slutt. Det Norske Samlaget

1989 Helge Torvund: Den monotone triumf. Det Norske Samlaget

1989 Arthur Arntzen: heiderspris

1988 Johannes Heggland: Meisterens søner. Tiden Norsk Forlag

1987 Edvard Hoem: Ave Eva. Forlaget Oktober

1986 Kjartan Fløgstad: Det 7. klima. Det Norske Samlaget

1985 Paal Helge Haugen: Det overvintra lyset. Det Norske Samlaget

1984 Alfred Hauge: Serafen. Gyldendal Norsk Forlag

1983 Kjartan Fløgstad: U3. Det Norske Samlaget

1982 Eldrid Lunden: Gjenkjennelsen. Det Norske Samlaget

 

 

Kjelder

Noregs Mållag: «Nynorsk litteraturpris», nm.no: http://www.nm.no/tekst.cfm?path=10235,10237 [lesedato 27.2.2020]

«Vedtekter for Nynorsk litteraturpris», udatert, docs.google.com: https://docs.google.com/viewer?url=http%3A%2F%2Ffiles.zetta.no%2Fwww-nm-no%2F_filer%2Fnn_littpris_vedtekter.doc [lesedato 27.2.2020]

Først publisert: 14.10.2020
Sist oppdatert: 14.10.2020