Hopp til innhold
X
Innhald

Olav H. Hauge-senteret

Olav H. Hauge-senteret er ei avdeling av Nynorsk kultursentrum og ligg i Ulvik i Hardanger. Senteret har som oppgåve å formidle lyrikk i mange former og på tvers av språkgrenser, med særleg vekt på Olav H. Hauges lyrikk.

Olav H. Hauge-senteret vart opna 4. september 2014 og ligg i det gamle heradshuset i Ulvik, heimstaden til Olav H. Hauge. Det er eit dokumentasjons- og formidlingssenter for Hauges liv og lyrikk, samtidig som det fremjar lyrikk i mange former gjennom utstillingar, omvisingar og Ulvik poesifestival, som vert arrangert annakvart år.

Olav H. Hauge var ein av dei fremste og mest folkekjære norske lyrikarane på 1900-talet og er omsett til over tjue språk. Få år etter at han var borte, vart det teke initiativ for å minnast han. Venelaget Olav H. Hauge vart stifta i 1999 og Hauge-stiftinga i 2000. Desse laga var òg pådrivarar i arbeidet med å etablere Hauge-senteret og viktige føresetnader for at senteret stod klart berre 20 år etter at Hauge døydde.

Hauge-senteret er ein del av Nynorsk kultursentrum, saman med Aasen-tunet i Ørsta, Vinje-senteret i Vinje og nettleksikonet Allkunne. Nynorsk kultursentrum har som føremål å fremje nynorsk skriftkultur, og Hauge-senteret legg særleg vekt på lyrikk. I senteret kan publikum sjå Olav H. Hauges boksamling på 6237 band, som Hauge-stiftinga eig. Vidare kan ein lære om Hauges liv og verk gjennom utstillingar og installasjonar. I tillegg har senteret eit lyrikkbibliotek som inneheld lyrikk frå heile verda. Hauge-senteret legg òg stor vekt på digital formidling av lyrikkfagleg stoff.

Då senteret vart skipa, overtok det ansvaret for Ulvik poesifestival, som tidlegare vart driven av Ulvik herad, Venelaget Olav H. Hauge og Olav H. Hauge-stiftinga. Geir Netland har vore dagleg leiar for Hauge-senteret sidan 2013.

Hauge-senteret byr på kulturprogram gjennom heile året, der det presenterer nasjonal og internasjonal poesi gjennom arrangement for ulike aldersgrupper. Senteret lagar opplegg som er særleg tilpassa skuleklassar, men det er samtidig eit ope formidlingssenter. Dei tilsette forskar òg på Hauges dikting og gjer henne tilgjengeleg for publikum på ulike måtar.

Saman med Hardanger folkemuseum vel Hauge-senteret årleg ut ein poet som får si diktartavle i museumstunet på Utne, og senteret administrerer Olav H. Hauge-stipendet til unge lyrikarar, skiftevis på nynorsk og bokmål. Hauge-senteret står òg bak det uformelle nettverket «Poetisk tenking», som arrangerer årlege seminar i samarbeid med ulike lyrikkfaglege miljø.

Hauge-senteret gir ut meldingsbladet Onen to gonger i året. Slagordet er «Olav H. Hauge-senteret – store opplevingar på små flater».

Svein Tuastad er setjeredaktør for artikkelen.

Kjelder

Nynorsk kultursentrum: Visjon og strategi 2018–2021. Vedteken 8. juni 2017

Hauge-senteret: «Velkomen til Olav H. Hauge-senteret», haugesenteret.no, publisert 12.3.2013: http://www.haugesenteret.no/ohh/no/hauge-senteret/ [lesedato 18.6.2018]

Hauge-senteret: «Diktartavla til Einar Økland», haugesenteret.no, publisert 17.4.2018: http://www.haugesenteret.no/ohh/no/lyrikk/lyrikkfagleg/ohh/no/aktuelt/Diktartavla+til+Einar+%C3%98kland.d25-SMdvSX3.ips [lesedato 19.6.2018]

Tale Hauso og Egil Torheim: «Heidra Hauge med eige senter», nrk.no, publisert 4.9.2014: https://www.nrk.no/hordaland/olav-h.-hauge-senteret-opna-i-dag-1.11915340 [lesedato 18.6.2018]

Poesifestivalen: «Ulvik poesifestival», poesifestivalen.no, publisert 13.2.2018: http://www.poesifestivalen.no/up/no/om_festivalen/ [lesedato 18.6.2018]

Peikarar

Nettsida til Olav H. Hauge-senteret 

Først publisert: 05.09.2018
Sist oppdatert: 12.02.2019