Hopp til innhold

Olav H. Hauge-stipendet

Olav H. Hauge-stipendet, lyrikkpris for unge diktarar.

Olav H. Hauge-stipendet blei oppretta i 2017 og delt ut første gongen under Ulvik Poesifestival i 2018. Stipendet blir delt ut annakvart år. Olav H. Hauge-stipendet blir tildelt ein norsk lyrikar, songar eller tekstforfattar under 40 år som har gitt ut inntil tre diktsamlingar eller eigne større songverk, og som har vist eit særleg poetisk talent. Stipendet gjeld for lyrikk både på nynorsk, bokmål og dialekt.

Føremålet med stipendet er å sikre talentfulle lyrikarar betre arbeidsvilkår, stimulere unge forfattarskapar og fremje interessa for lyrikk.

Juryen for Olav H. Hauge-stipendet blir oppnemnd av Nynorsk kultursentrum og Norsk Forfattarsentrum. Olav H. Hauge-senteret er sekretariat for prisen. Stipendet er finansiert av Sparebanken Vest, Sparebankstiftinga Hardanger og Ulvik herad.

Vinnaren får stipend på 150 000 kroner. Olav H. Hauge-stipendet blir delt ut under Ulvik Poesifestival, som blir arrangert annakvart år. I stipendperioden på to år lagar vinnaren eit verk til neste Poesifestival og deltek som utøvar på eit arrangement i regi av Hauge-senteret.

 

Vinnarar av Olav H. Hauge-stipendet:

2018 Erlend O. Nødtvedt


  Øystein Lydik Idsø Viken er setjeredaktør for artikkelen.

Kjelder

Geir Netland, dagleg leiar ved Olav H. Hauge-senteret, e-post 18.2.2020

Statuttar for Olav H. Hauge-stipendet, vedtekne av styret i Nynorsk kultursentrum 8. juni 2017

 

Olav H. Hauge-senteret: «Satsar på dei unge og særprega», haugesenteret.no, udatert: https://www.haugesenteret.no/vil-ha-kandidatar-til-lyrikk-stipend/ [lesedato 17.2.2020]

Nynorsk kultursentrum: «Retningslinjer Olav H. Hauge-stipendet», haugesenteret.no, udatert: https://www.haugesenteret.no/wp-content/uploads/2020/01/823-Retningslinjer-for-OHH-stipendet-20180809-GN.pdf [lesedato 17.2.2020]

 

Peikarar

Nettstaden til Ulvik Poesifestival, poesifestivalen.no

Først publisert: 14.10.2020
Sist oppdatert: 14.10.2020