Osafestivalen er ein folkemusikkfestival som har blitt arrangert på Voss i oktober kvart år sidan 1992. Festivalen vert til i samarbeid mellom Ole Bull Akademiet, Voss Spelemannslag, Orkesteret Fossegrimen og Voss Ungdomslag. Festivalen er finansiert gjennom festivalstøtte frå Norsk kulturråd, Vestland fylke og Voss kommune, i tillegg til både faste og sporadiske sponsorar og gjennom offentlege fond, legat og organisasjonar.

Faktaboks

Etymologi

namn etter spelemannen og fiolinisten Sigbjørn Bernhoft Osa

Også kjend som

Strykarfestivalen

Første gongen festivalen vart arrangert var i 1992, under namnet «Strykarfestivalen». Frå 1994 fekk han sitt noverande namn, etter ein av dei mest kjende spelemennene på 1900-talet, Sigbjørn Bernhoft Osa (1910–1990), som også var grunnleggjaren av Ole Bull Akademiet.

Festivalen tek sikte på å vere eit uttrykk for og ei vidareføring av Osa sine idear og tankar om det viktige samspelet mellom folkemusikk og klassisk musikk. Det har vorte ein yngleplass for profesjonelle musikarar og artistar som gjerne utfordrar grensene mellom komponert kunstmusikk, improvisert musikk og tradisjonsmusikk. Markante namn som har gjesta festivalen, er Arve Tellefsen, Kirsten Bråten Berg, Frikar, Knut Buen, Susanne Lundeng, Oslo kammerkor, Annbjørg Lien og Dag Arnesen. I tillegg til konsertar vert det òg halde ulike kurs og seminar gjennom festivalhelga.

Sidan 2010 har tema for festivalen vorte presenterte i form av ordspel som «VirtuOsa», «KuriOsa» og «SpiritOsa».

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Litteratur

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg