Plater frå På Norsk L/L
Nokre av utgivingane som kom ut på På Norsk L/L. Selskapet hadde utgivingar innanfor mange ulike sjangrar, frå rock til diktopplesingar.
Plater frå På Norsk L/L
Av .
Lisens: CC BY 4.0
Plateomslaget til «Rocken Bom og andre frå Songboka mi»
Omslaget til barneplata Rocken Bom og andre frå Songboka mi. Plata kom ut i 1983. Dette var det mest aktive året til På Norsk L/L, med heile sju utgivingar.
Plateomslaget til «Rocken Bom og andre frå Songboka mi»
Av .
Lisens: CC BY 4.0

På Norsk L/L var eit norsk plateselskap som gav ut innspelingar med tekstar på nynorsk og dialekt. Selskapet hadde utgivingar innanfor mange ulike sjangrar, frå rock til diktopplesingar.

Eigarskap

På Norsk L/L vart skipa 10. mai 1982. Bak selskapet stod Noregs Ungdomslag, Noregs Mållag, Kringkastingsringen, Noregs Boklag, Det Norske Samlaget, Landslaget for spelemenn, TT-studio, Heilo Musikk, Oppsong A/S og Det Norske Teatret. Ola E. Bø var dagleg leiar dei første åra. I 1985 tok Bondeungdomslaget i Oslo over aksjefleirtalet, og Oddvar Natvik vart ny dagleg leiar. Selskapet gjekk konkurs tidleg i 1988.

Utgivingar

Det første året hadde selskapet ut to utgivingar: ei innspeling av Garborg-framsyninga Ein diktar og hans strid, med Gisle Straume, og eit konsertopptak med Stanley Jacobsen og Ingvar Moe på kassetten Kattaliv og anna sædløysa. Året etter, i 1983, var det mest aktive året til På Norsk L/L, med heile sju utgivingar, inkludert barneplatesuksessen Rocken Bom og andre frå Songboka mi. Ei anna viktig utgiving det året var Tid å hausta inn, der Kari Bremnes og Lars Klevstrand song komposisjonar som Per Indrehus hadde laga til tekstar av Olav H. Hauge og Hans Børli.

I 1984 kom mellom anna julesingelen «Den fattige Gud», med musikk av Henning Sommerro og tekst av Edvard Hoem. Same året gav selskapet òg ut den Spelemannpris-nominerte plata Epitafios, der Hege Tunaal tolka musikken til Mikis Theodorakis på nynorsk.

Fleire år med budsjettunderskot gjorde at utgivingstempoet etter kvart vart mindre, med berre éi utgiving i 1986. I staden vart det satsa meir på underbruket Plateringen På Norsk, ein plateklubb der folk kunne kjøpe plater med norskspråklege artistar som Olav Stedje og Åge Aleksandersen. I 1987 byrja selskapet å gi ut fleire plater att, men det lét seg ikkje gjere å få økonomien på fote, og i oktober 1987 kom det som vart den siste utgivinga til plateselskapet, ei innspeling av Ivar Aasen-framsyninga Dikt og sanning, med Gisle Straume.

Diskografi

Vinylsinglar

  • PNS 001 (1983) «Kongeslåtten» / «Utsyn frå Vikastøylen»
  • PNS 002 (1983) Sunnmøre bårelag: «Blide mannj» / «Ola normal»
  • PNS 003 (1984) Henning Sommerro: «Den fattige Gud» / «Julekveld»

Album

  • PN 8201 (1982) Gisle Straume: Ein diktar og hans strid
  • PNK 8202 (1982) Stanley Jacobsen og Ingvar Moe: Kattaliv og anna sædløysa
  • PN 8203 (1983) Gisle Straume: Ein hippie frå Telemark
  • PN 8204 (1983) Asmund Bjørkens gammeldansorkester: Trøndersk gammeldans
  • PN 8205 (1983) Kari Bremnes og Lars Klevstrand: Tid å hausta inn
  • PN 8206 (1983) Rocken Bom og andre frå Songboka mi
  • PN 8207 (1983) Hilmar Alexandersen og gjester: ’n Hilmar (2LP)
  • PN 8208 (1984) Hege Tunaal: Epitafios
  • PNK 8208 (1984) «..sa sogningen til fjordingen»
  • PN 8209 (1984) Geirr Lystrup: Kom sol på alle mine berg
  • PNK 8210 (1984) Henning og borna: Lille Bitte Bue
  • PN 8213/8214 (1985) Albert Lange Fliflet: Utdrag frå Kalevala (2LP)
  • PN 8215 (1985) Eg er liten eg, men eg vågar meg
  • PN 8216 (1985) Geir Egil Larsen: Fløytlåt og dansarslått
  • PN 8217 (1986) Lillibeth Lunde Elgstøen: Som dogg i måråsol
  • PN 8218 (1985) Sigve Bøe: Theodorakis ... og namnet hennar er fridom
  • PNK 8219 (1987) Slåttar og songar til Grunnbok i folkedans
  • PN 8220 (1987) Stensgårds gammeldansorkester: Gammel årgang
  • PN 8221 (1987) Ivar Medaas og Ove Thue: Ansikt til ansikt
  • PN 8223 (1987) Gisle Straume: Dikt og sanning

PNK = kassett. PN = LP (desse titlane finst òg i kassettutgåve)

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg