Hopp til innhold
X
Innhald

Selja Forlag

Selja Forlag vart skipa i Førde i 1996 og er eit reint nynorskforlag. Forlaget har gitt ut kring 150 bøker, alle retta mot bokmarknaden på Vestlandet.

Torkjell Djupedal, journalist og forfattar, skipa forlaget då han skulle gi ut si eiga bok Selja – kulturhistorisk handbok (1996). Denne første boka handla om klosterøya Selja, som i tidlegare tider var eit viktig senter på Vestlandskysten. Dei siste åra har forlaget gitt ut 12–15 bøker kvart år. Mellom dei mest kjende titlane er «Opptur»-bøkene med flyfotograferte fotturar og «Fjordamat»-bøkene med vestlandsk tradisjonsmat.
 
Selja Forlag hadde i 2010 ein omsetnad på 7,7 mill kroner, og tre tilsette på heiltid: forleggjar Torkjell Djupedal, ein forlagsredaktør og ein sals- og marknadsansvarleg. Viktige stikkord for utgivingane er historie, kultur, natur, folk, reise, mat og kyst, og dei er først og fremst i sakprosasjangeren. Kontoret i Førde har eige lager, sal og distribusjon.
 
Kjelder
Torkjell Djupedal
Ottar Grepstad: Språkfakta 2010. Hovdebygda 2010
«Ferskingane sel så det susar», Bergens Tidende Morgen 24.12.1999
Om Selja Forlag AS, selja.no, http://www.selja.no/om-selja-forlag [lesedato 23.3.2011]
 
Peikarar

Først publisert: 10.10.2011
Sist oppdatert: 13.05.2013