Hopp til innhold

Språkåret 2013

Språkåret 2013 er nemninga på det nasjonale språkåret i 2013. I løpet av året feira heile Noreg nynorsk, bokmål, samiske språk, historiske minoritetsspråk, teiknspråk og nye innvandrarspråk. Språkåret hadde over  3300 arrangemet.

Språkåret 2013 hadde grunnlag i 200-årsjubileet for Ivar Aasen og 100-årsjubileet for Det Norske Teatret. Språkåret vart opna av kulturminister Hadia Tajik 2. januar i Kristiansand, på dagen 100 år sidan fyrste framsyninga til Det Norske Teatret, også i Kristiansand.

Det blei gjennomført over 3300 arrangement med til saman 149 000 gjester. Språkåret hadde aktivitet i fem land, i alle dei norske fylka, i halvparten av alle kommunane, og nesten kvar einaste dag gjennom året. Berebjelken for all aktivitet var sju basisarrangement på ulike stader i landet frå 2.1. til 6.12.

Språkåret hadde eit sekretariat på tre personar, som arbeidde i Ivar Aasen-tunet i Hovdebygda. Nynorsk kultursentrum finansierte arbeidet med tilskot frå Kulturdepartementet.

Inger Johanne Sæterbakk var prosjektleiar for Språkåret 2013.

Kjelder

Nettstaden til Språkåret 2013, www.språkåret.no, http://www.språkåret.no/ [lesedato 2.1.2013]
Sluttrapport for Språkåret

Peikarar

Oppsummering og rapport om Språkåret 2013 på aasentunet.no

Først publisert: 02.01.2013
Sist oppdatert: 22.06.2018