Storegutprisen er ein norsk pris som blir delt ut kvart år til nokon som på ein positiv måte nyttar eit levande og ledig nynorsk. Prisen blei første gongen delt ut i 2002.

Juryen for Storegutprisen blir oppnemnd av medlemslaget Litteraturdagane og Nynorsk kultursentrum. Vinjesenteret er sekretariat for prisen.

Storegut, som eigentleg heitte Olav Olavson Edland, blei fødd på Edland i Telemark i 1764 og kom bort i fjellet sommaren 1791 medan han gjette buskapen. Etter at han forsvann, blei det fortalt mange soger om han og kva som kunne ha skjedd. Aasmund Olavsson Vinje skriv om Storegut og faren i boka Storegut (1866, ny utgåve 1868), som er eit hovudverk i Vinjes dikting.

Prisvinnaren får ein statuett som skal førestille Storegut. Statuetten er laga av billedhuggeren Kjell Grette Christenson. Storegutprisen blir delt ut årleg på Edland under Litteraturdagane.

Vinnarar av Storegutprisen

År Mottakarar
2002 Ivar Eskeland
2003 Berge Furre
2004 Ragnhild Sælthun Fjørtoft
2005 Bjørn Bø
2006 Sigmund Groven
2007 Liv Signe Navarsete
2008 Audun Svartdal
2009 Nina og Øystein Rudi, Rudi Gard
2010 Odd Nordstoga
2011 Astrid Brekken
2012 Ingvild Bryn
2013 Herborg Kråkevik
2014 Sondre Bratland
2015 Lerum AS
2016 Are Kalvø
2017 Kristin Sørsdal
2018 Olav Vesaas
2019 Linda Eide
2020 ingen utdeling
2021 Runar Gudnason og Side Brok
2022 Guri Vesaas

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar (1)

skreiv Petra Helgesen

Hei! Fin artikkel! Hugs å oppdatere med Guri Vesaas 2022.

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg