Hopp til innhold

Studentmållag

Studentmållag, mållag som organiserer studentar ved universitet og høgskular. Særleg har Studentmållaget i Oslo spela ei viktig rolle i å fremje nynorsk på det akademiske feltet.

«Student-maallaget» vart skipa 31. oktober 1900. Den første formannen var Leiv Heggstad. Tillegget «i Oslo» vart teke i bruk etter kvart som det kom til fleire studentmållag. Ved landbrukshøgskulen (NLH) vart Studentmållaget i Ås skipa i 1908, og i 1916 kom Studentmållaget i Nidaros ved den nyskipa tekniske høgskulen (NTH). Studentmållaget i Bergen kom til i 1946, same året som universitetet.
Etter den store utbygginga av høgare utdanningsinstitusjonar frå sist i 1960-åra har det i periodar funnest studentmållag ved dei fleste universitet og høgskular. Det vart no òg vanleg å kalle mållaga ved lærarskulane «studentmållag» i staden for «elevmållag». Det er likevel truleg berre Studentmållaget i Oslo som har vore i ubroten drift sidan skipinga. Studentmållaga har vore medlemslag i Noregs Mållag. Dei spela ei hovudrolle i skipinga av Noregs Student- og Elevmållag (seinare Norsk Målungdom) i 1961 og har seinare vore berande lag innanfor denne ungdomssamskipnaden.
Studentmållaget i Oslo har spela den klart viktigaste rolla. Laget var det første tiåret ein vegbrøytar når det galdt å opne universitetet for nynorskbruk, og det har hatt ei viktig rolle i å fremje bruk av nynorsk i akademiske samanhengar. Det har skjedd både gjennom organisering av målstudentar og yrkesakademikarar, utgiving av skrifter og målpolitisk påverknadsarbeid. Viktig for målrørsla har det òg vore at personar som seinare har fått framståande posisjonar i målrørsla og samfunnslivet, var organiserte i eit studentmållag (særleg i Oslo) i studietida. Fleire av studentmållaga har òg lagt ned mykje arbeid i utvikling av fagspråk og terminologi.
Kjelder
Olaf Almenningen m.fl.: Studentar i målstrid. Studentmållaget i Oslo 1900-2000. Oslo 2003
Olaf Almenningen m.fl. (red.): Målreising i 75 år. Noregs mållag 1906-1981. Oslo 1981
Student- og elevmållaget i Trondheim gjennom 50 år. 1916-1966. Trondheim 1966
Olav Fagerbakke: Studentmållaget i Ås. 1908-1958. Vollebekk 1958

Først publisert: 27.04.2012
Sist oppdatert: 13.05.2013