Hopp til innhold
X
Innhald

Telemark Museum

Telemark Museum er det kulturhistoriske museet for Telemark fylke. Museet har tilhald på garden Søndre Brekke i Skien, som er omkransa av den 36 mål store Brekkeparken. I parken finst ei fin samling bondestover, løer, loft og bur frå ulike delar av fylket.

Telemark Museum har som mål å framstå som eit debattskapande og aktuelt museum. Frå tusenårsskiftet har det difor vore lagt vekt på meir samtidsretta utstillingar. ”Bare plast” var tema for ei utstilling i 1996. Våren 2000 opna utstillinga ”Frå runer til e-mail”. Utstillinga om Vidkun Quisling gjorde Telemark Museum til eit av dei mest omtalte museum i Noreg i 2007.  
Oppstarten til Telemark Museum var i 1909, då Skiens Museum blei grunnlagt etter initiativ frå ingeniør Johan Koren Christie. Museet flytta inn på Søndre Brekke i Skien same året.
Frå 2008 har Telemark Museum vore eit konsolidert museum som driv og har ansvaret for musea i Bø, Nome, Skien, Porsgrunn, Bamble og Kragerø. Telemark Museum har ansvaret for 130 bygningar, 100 000 gjenstandar, 1,5 million fotografi og store bok- og samlingar av privatarkiv.
Telemark Museum har 24 årsverk og eit budsjett på rundt 22 millionar kroner. Om lag 90 000 menneske besøkjer Telemark Museum kvar år.
Kjelder
Telemark Museum: Hundre år på Brekke. Skien 2009
Telemark Museum, nettstad, www.telemarkmuseum.no [lesedato 13.4.2011]

Først publisert: 30.09.2011
Sist oppdatert: 13.05.2013